Ein vegg full av fordommar, håp og lengsel

Zaniar (t.v.) og Saeed (t.h.) syntest det var ei positiv oppleving å bidra med teikningar til scenografien på teaterstykket «Invasjon».

Zaniar (t.v.) og Saeed (t.h.) syntest det var ei positiv oppleving å bidra med teikningar til scenografien på teaterstykket «Invasjon». Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOFT-stykket «Invasjon» handlar om frykt for det ukjende og det vi ikkje forstår. Lokale flyktningar bidreg med solid kunnskap om det.

DEL

– Frode kom først og spurde. Vi skjønte ingenting. Han snakka om teater, scenografi. Vi tenkte først at det var tenkt for barn. Frode ringde til sin kurdiske kollega på teateret for å få han til å forklare kva han ville. Vi fekk forklart at vi kunne teikne om oss sjølve, og frå våre situasjonar og våre liv.

Det fortel Saeed, som er flyktning frå Kurdistan. For ei tid tilbake fekk han og nokre av medbebuarane på asylmottaket på Bergum ei utfordring frå teaterregissør Frode Gjerløw. Ville dei vere med og lage teikningar frå livet sitt som eit bidrag til scenografien?

Jaktar på det ukjende

Teaterstykket «Invasjon», som har premiere på Sogn og Fjordane teater (SOFT) 14. oktober, fortel om frykta for det ukjende som ein ikkje heilt veit omfanget av eller forstår. I eit ungdomsmiljø dukkar det opp eit nytt ord: «Abulkasem».

– Vi følger namnet Abulkasem og korleis det forplantar seg som eit ord i samfunnet. Korleis det skaper frykt fordi ingen eigentleg veit kven Abulkasem er. I teaterstykket jaktar både politikarar og media på denne ukjende, fortel regissør Frode Gjerløw.

"INVASJON" Sogn og Fjordane Teater 2017

"INVASJON" Sogn og Fjordane Teater 2017 Foto:

Invasjon

Eit teaterstykke skrive av Jonas Hassen Khemiri

Regissert av Frode Gjerløw

Premiere på Sogn og Fjordane teater 14. oktober

– Invasjon! er ei samling med historier om menneske som lever i kulturelle skjeringspunkt, som verken er norske nok eller utanlandske nok til å kunne setjast i bås.

Teaterstykket skal i tillegg til vanlege framsyningar òg turnere med Den kulturelle skulesekken og visast for 1400 ungdomsskuleelevar i Sogn og Fjordane.

Speleplan:
14. oktober Førdehuset, Teatersalen
18. oktober Dale, Fjalerhallen
20. oktober Flora samfunnshus
24. oktober Åheim, Olivinhallen
30. oktober Sandane, Trivselshagen
6. november Høyanger kulturhus
8. november Sogndal kulturhus
10. november Årdal kulturhus
11. november Førdehuset, Teatersalen

– Så kult resultat!

Då dei skulle planlegge scenografien, ville Gjerløw fylle eit stort lerret med teikningar som inneheldt draumar og historier frå folk sine liv. Ettersom det handlar om mangfald, tok han ein tur til asylmottaket i Førde for å spørje om dei kunne bidra med teikningar. Det ville dei, og mange av desse teikningane fyller no ein stor del av lerretet som utgjer scenografien.

– Så kult resultat! seier Saeed. Han er ein av dei som har vore med og teikna.

Når han og fleire av bidragsytarane får sjå korleis veggen med teikningar har vorte, blir dei tydeleg engasjerte. Fleire finn igjen sine eigne teikningar på lerretet.

– Vanskelege liv

På veggen med teikningar ser vi ei bru med ei elv som kan minne om «brigdes, not walls»-protesten, ein kommentar til Trumps haldning mot utlendingar. Ein annan bebuar teikna eit etiopisk hus, det huset han budde i før. Andre har teikna norske hus og norske fjell, skrive ordet fridom, på arabisk og nepalsk.

Naser er ein av dei andre som har vore med og teikna. 

– Vi har mange erfaringar om at livet er vanskeleg. Mange liv er vanskelege og utan moglegheiter. I våre liv var det diktatorar og ingen fridom. Vi kunne ikkje puste. Eg teikna om det vanskelege livet. Her i Norge har de alt. Fridom.

Zaniar likte godt å vere med på dette oppdraget. Han har teikna både frå situasjonen i heimlandet sitt og om det han drøymer om. På lerretet ser vi ein storby, og eit fly. Byen på bildet er New York, fordi han alltid har ønskt å reise dit. Fordi det er ein stad han kan lære mykje, og kor det skjer mykje rundt han. Han har òg teikna jordkloden med Asia og Europa.

– Om du er i Europa, Asia eller andre land – same kvar du er, så ser Gud alle, seier han med eit smil.

På ei av dei andre teikningane hans ser vi den iranske leiaren og ei hengeløkke. Zaniar fortel at statsleiaren gjer det vanskeleg for mange i Iran med forskjellig nasjonalitet og forskjellige religionar. Han fortel at det er mange som ikkje veit kven statsleiaren er og kva han gjer mot kurdarane i Iran.

– Han er dårleg for både kurdarar og politiske motstandarar, påpeikar Zaniar.

Ei positiv oppleving

Å bli utfordra til å teikne var ei positiv oppleving.

– Då eg var liten, elska eg å måle. Men eg kunne ikkje fortsette, fordi våre liv kunne ikkje fortsette. Det var problem i heimlandet, og alle dører vart lukka. Då eg møtte Frode, ønskte eg å teikne meir og meir, fortel han.

– Kva synest du om resultatet?

– Eg kjenner meg glad, men eg kan ikkje svare heilt nøyaktig før eg er på teateret og ser det med eigne auge.

Zaniar har alltid hatt ein draum om å besøke New York. Han teikna byen, og eit fly som skulle tatt han dit.

Zaniar har alltid hatt ein draum om å besøke New York. Han teikna byen, og eit fly som skulle tatt han dit. Foto:

Ein av dei som teikna, illustrerte ei hengeløkke og statsleiaren i heimlandet.

Ein av dei som teikna, illustrerte ei hengeløkke og statsleiaren i heimlandet. Foto:

– Eg hadde ikkje teikna på ti år, men då Frode kom og teikna, kjende eg at det var fint å teikne, fordi det var så lenge sidan sist.

– Eg teikna om fridom.

Men Saeed fortel at han og har og ein annan draum, som er endå større; Å få svar frå den norske regjeringa, å lære det norske språket, å lære om norsk kultur og deretter å studere.

– Eg likar å teikne, men når du har ein annan draum, å lære språket, så er det viktigast. For utan språket er det veldig vanskeleg.

– Innvandrarar flest er samvitsfulle menneske som gjer sitt beste

– Vi kunne ikkje ha laga denne scenografien utan bidrag frå Saeed, Zaniar og dei andre på mottaket, seier regissør Frode Gjerløw, som er takknemleg for hjelpa han har fått.

Gjerløw meiner at det er ein ubalanse i korleis flyktningar og innvandrarar blir framstilte i media.

– Eg trur det er mange meir normale liv som ikkje får merksemd i media. Norge er eit lukka samfunn der folk i stor grad held seg heime mellom fire vegger. Innvandrarar flest er samvitsfulle, hardtarbeidande menneske som gjer sitt beste. Men dei som ikkje stikk seg ut på negativt vis, får ikkje merksemd i media, seier han.

Framsyninga omhandlar mange ulike historier om identitet, tilhøyrsle og språk. Med dette som utgangpunkt ville regissør Frode Gjerløw at scenografien skulle uttrykke eit virvar av fordommar, håp og lengsel.

Framsyninga omhandlar mange ulike historier om identitet, tilhøyrsle og språk. Med dette som utgangpunkt ville regissør Frode Gjerløw at scenografien skulle uttrykke eit virvar av fordommar, håp og lengsel. Foto:

Mediejakt på terroristar

– Eg har lese og høyrt kommentarar om at innvandrarane har det altfor lett her i Norge. Men ingen av dei innvandrarane eg kjenner i Norge, har hatt det lett. Mange må vente i fleire år på å få opphaldsløyve, det er utfordringar med språket, og å bli kjent, seier Gjerløw.

– Då den svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri skreiv stykket, var han inspirert av jakta på Osama bin Laden, og korleis dette vart formidla gjennom media. Han var og inspirert av at det ofte blir jakta på terroristar i media, utan at ein heilt veit kva som ligg bak, og også korleis muslimar generelt blir framstilte i media, fortel Gjerløw.

– Det er mykje som går føre seg som vi ikkje veit noko om. Jakta på Bin Laden tok lang tid, men det kan vere ein grunn til at det tok lang tid. Vi som mediekonsumentar veit ikkje eigentleg korleis og når det skjedde. Ein kan ikkje stole blindt på media.

Artikkeltags