Rashad på prøvespel i Oslo

Florø: Vålerenga har henta Rashad Muhammad til prøvespel, men trenar Terje Rognsø vil halde fast på han.

Rashad Muhammad er i desse dagar på prøvespel i Oslo.

Rashad Muhammad er i desse dagar på prøvespel i Oslo. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Franske Rashad Muhammad kom til Florø frå franske PSG (Paris St. Germain) i fjor vår. Sidan då har han blitt ein viktig spelar for klubben, som kjempa seg til opprykk til 1. divisjon, skriv Firdaposten.

No er det andre som vil sikre seg spissen, melder NRK Sogn og Fjordane.

– Han reiste til Oslo og Vålerenga på måndag, og skal vere til torsdag. Planen er at han skal vere med oss i kampen mot Åsane, seier trenar Terje Rognsø til NRK.

Han har blitt nedringt av agentar sidan opprykket. Sjølv er han lunken til å gje slepp på spelarane sine.

– Eg har ikkje snakka med Vålerenga etter at han reist. Dei vurderer han, men eg har i grunn ikkje ein spelar til sals. Vi har blitt kontakta av fleire tippeligaklubbar om han og andre, fortel trenaren.

Rognsø seier dei ser stort potensial i franskmannen:

– Dei spelarane vi har no, dei satsar vi på. Når det gjeld verdi, så håpar vi dei skal levere varene no også, og at verdien blir større. Vi har ikkje tenkt slik før, men vi må gjere det no. Og det er difor vi har mange av spelarane på lengst mogleg kontrakt, seier Rognsø.

Artikkeltags