Fredag melde Florø-selskapet Nekst AS i ei pressemelding at dei har komme innanfor Fiskeridirektoratets ordning for tildeling av utviklingskonsesjonar.

I 2016 fekk dei først konsesjon for verdas største landbaserte oppdrettsanlegg på Botnastranda i Flora. Anlegget skal kunne produsere 20 millionar smolt på opptil ein kilo på land. Blir anlegget ein realitet, vil det bli større enn 12 fotballbaner.

Meldinga dei fekk fredag, kan vere startskotet på tildelinga av konsesjonane selskapet treng for å kunne realisere storprosjektet. Det er no knytt stor spenning til om, og kor mange konsesjonar Nekst vil få vidare.

– Ein fantastisk dag

I 2016 søkte dei om totalt 16 konsesjonar. Partner i Nekst – Martin Ramsdal – fortel at om alle desse blir tildelte, vil det totalt utløyse investeringar for rundt tre milliardar kroner i Sogn og Fjordane.

Han opna brevet på Altinn fredag ettermiddag, og var naturleg nok svært nøgd med beskjeden han fekk.

– Vi har jobba med dette i 2,5 år, og det var enorm spenning knytt til svaret vi fekk i dag. Dette er ein enorm moglegheit for oss, der vi no har sjansen til å ta teknologien heilt ut. Dette er ein fantastisk dag for Nekst og ein fantastisk dag for Sogn og Fjordane, seier Ramsdal til Firda.

Verdas største landanlegg

I april i fjor signerte Florø-firmaet ein intensjonsavtale med ein europeisk matvareprodusent. Avtalen omfatta også å utvikle eit offshorebasert oppdrett i Solund, og det var første gong selskapet melde at dette totalt vil kunne bety samla investeringar på nær tre milliardar kroner, som igjen vil kunne skape over 100 nye arbeidsplassar i fylket.

Vil ha avsluttande produksjon sjølv

Med konsesjon for det landbaserte anlegget på plass, fortel Ramsdal at dei derifrå kunne selje fisken som er produsert på land til andre oppdrettarar som set den i merdar, eller stå for sluttproduksjonen i sjøen sjølve. Dei har no eit ønskje om å gjere sistnemnde.

Nekst har difor i samarbeid med Marine Construction og blant anna ABB, utvikla ein patenterbar løysing der merdar med ei dobbel not kan senkjast under det Ramsdal omtalar som «lusebeltet» og bølgekreftene.

Lusebeltet er dei øvre vasslaga der lakselusa trivst best. Dess djupare ned ein kjem, dess mindre blir konsentrasjonen av lakselus.

Dette, saman med at fisken skal berre ha behov for om lag seks månader i sjøen etter produksjon i landanlegget, gjer at Nekst har eit mål om å få fisken slakteklar heilt utan behov for avlusing.

Enno uviss framdrift

Får selskapet på plass alle 16 konsesjonane i tillegg til den dei har for landanlegget, vil prosjektet kunne bli det Ramsdal kallar optimalt. Kor mange av dei 16 konsesjonane som må på plass for at prosjektet vil kunne bli ein realitet, kan han enno ikkje seie noko om.

Korleis fredagens melding frå Fiskeridirektoratet slår ut på framdrifta, vågar han heller ikkje seie noko om. Men Ramsdal fortel at i lys av meldinga, vil dei ta opp kontakten med direktoratet så snart dei kan, og truleg rett over helga.