– Tjuvfiske årsak til manglande laks

TJUVFISKE OG LUS: Det er mindre laks i mange norske elvar enn vanleg, ifølge Miljøverndepartementet. Både tjuvfiske og lakselus er medverkande årsaker. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

TJUVFISKE OG LUS: Det er mindre laks i mange norske elvar enn vanleg, ifølge Miljøverndepartementet. Både tjuvfiske og lakselus er medverkande årsaker. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK Foto:

Av

Tjuvfiske er ei viktig medverkande årsak til at det er mindre laks i mange norske elvar enn vanleg, ifølgje Miljøverndepartementet.

DEL

– Vi må få slutt på det ulovlege fisket og har sett av fem millionar kroner ekstra til fleire kontrollar, seier Atle Hamar (V), statssekretær i Miljøverndepartementet, til NRK.

Det har vore rekordmange beslag av ulovlege garn langs vestlandskysten. Fram til no i år er det beslaglagt 35 ulovlege laksegarn berre langs kysten av Sogn og Fjordane, noko som er langt meir enn på same tid i fjor, melder NRK og Sogn Avis.

– Rapportar frå Statens naturoppsyn viser at det er profesjonelle aktørar med nye garn og raske båtar som står bak delar av tjuvfisket, seier Hamar.

Miljødirektoratet stenger fleire vassdrag tidlegare enn vanleg grunna færre villaks i elvane i år. Dei varslar fleire kontrollar, og oppmodar folk som oppdagar ulovlege garn om å melde frå.

I tillegg til tjuvfisket trur direktoratet òg at lakselus frå oppdrettsfisk som rømmer frå oppdrettsanlegg og smittar villaksen, er medverkande årsak til at det er færre fisk i elvene.

Artikkeltags