Sel Fjord1 til Havila

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen har forhandla med Havila på vegner av fylket.

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen har forhandla med Havila på vegner av fylket. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylket: Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 blir selde til Havila-konsernet.

DEL

Det melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

– Det ligg 17. august føre eit signert avtaleverk om sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 AS til Havila-konsernet, står det i pressemeldinga.

Avtalane har ifølge fylkeskommunen komme til etter sonderingar og etter kvart forhandlingar mellom partane. Dette har skjedd i tidsrommet mellom 5. og 17. august.

Sel seg ned først

– Avtalane inneber at fylkeskommunen i haust sel seg ned frå ein majoritetspost til ein eigardel på 33 prosent. Det er vidare lagt opp til at resterande aksjar kan verte selde innanfor ein opsjonsperiode på vel 2 år. I denne perioden vil partane arbeide for at også andre regionale investorar bør komme inn på eigarsida, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

Det er fylkesordførar og fylkesrådmann som har leia forhandlingane for fylkeskommunen. Dette har vore basert på eit samrøystes vedtak i fylkesutvalet 3. august. For Havila er det Per Sævik som har leia forhandlingane.

Også styreleiar i Fjord1 AS, Pål W. Lorentzen har vore med som initiativtakar og leiar av forhandlingsmøta-

Rettssaka fell bort

Begge partar er samde om at rettssaka som er varsla mellom Havilafjord AS og F1 Holding, som er det fylkeskommunale selskapet, fell vekk dersom avtalen som no er forhandla fram vert godkjent.

Det er styret i Havilafjord AS og fylkestinget som skal godkjenne avtalane. Styret i Havilafjord skal ta stilling til avtalen den 25. august. Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal gjere sitt vedtak dagen etter, 26. august.

Artikkeltags