Varslar ekstremt høg vasstand for Vestlandet sør for Stad

Illustrasjon: www.met.no

Illustrasjon: www.met.no

FYLKET: – Sjekk båtar og alt som er laust nær fjord og hav.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Vi ventar at vasstanden i morgon torsdag vert 70 – 85 centimeter over verdiane som er oppgjevne i tidevasstabellane, seier Geir Ottar Fagerlid som er vakthavande meteorolog hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Fagerlid fortel at både meteorologiske og astronomiske tilhøve spelar inn når det no er venta ekstremt høg vasstand, spesielt frå Sogn og nord til Stad. Både kysten og fjordane vil merke den høge floa. Det er samtidig venta høge bølger ytst på kysten.

Eit uvanleg kraftig lågtrykk på 963 hektoPaskal (hPa) ligg sør for Island, og er venta inn til kysten av Møre og Romsdal i morgon føremiddag. Det skjer same dag som det er fullmåne.

Sjå vasstandsinformasjon frå Kartverket her, og meir vêrinformasjon frå Meteorologisk institutt her.

– Kombinasjonen av høvesvis kraftig sør – sørvestleg vind inn mot kysten over fleire dagar, eit veldig lågt lågtrykk, pluss at det er fullmåne i morgon, gjer at vi får ei så høg vasstand som i gjennomsnitt berre skjer om lag kvart 20. år, seier Fagerlid.

Meteorologen ventar ikkje så sterk vind at den kan gjere skade. Men han ber likevel folk følgje med.

– Sjekk båtar og alt anna som er nær fjord og hav. Alt som ikkje er festa skikkeleg når floa er på topp om lag klokka 11:00 torsdag føremiddag, kan flyte av stad når vasstanden er på det høgste, avsluttar statsmeteorologen.

Artikkeltags