Dømd for hasjbruk få månader etter amfetamindom

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Vart dømd i sommar for amfetaminbruk. No er han teken for langvarig hasjbruk, og med eit mindre kvantum hasj på seg.

DEL

Ein mann i byrjinga av 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for å ha blitt teken med 1,9 gram hasj, samt jamleg bruk gjennom vinteren i fjor.

Mannen tilstod forholda i retten, og vart idømt 5000 kroner i bot, samt fengsel i 27 dagar med to års prøvetid.

Straffa for brotsverket vart sett i samanheng med at mannen ved fleire tidlegare høve er domfelt for narkotikabrotsverk. Det siste forholdet fann også stad i prøvetida for ein tidlegare straffedom, der mannen sommaren 2017 vart teken med 50 gram hasj og bruk av amfetamin.

Retten peika på at straffeutmålinga var høg for det ferskaste brotsverket isolert sett, men at prøvetidsbrotet var skjerpande for domsutfallet.

I formildande retning vart det lagt vekt på at mannen tilstod forholda i retten.

Artikkeltags