Her blir det betre NRK-dekning i Sogn og Fjordane

Ytre Sula får tre nye sendarar og betre NRK-dekning i løpet av 2017.

Ytre Sula får tre nye sendarar og betre NRK-dekning i løpet av 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Denne hausten blir DAB-dekninga betra i heile landet. I fylket får fire stadar nye sendarar.

DEL

NRK er i fullt arbeid med å betre DAB-dekninga i landet.

Dei nye sendarane i fylket kjem i løpet av 2017. I Sogn og Fjordane kjem dei nye sendarane Sandal i Jølster og Redalen i Naustdal. Stadlandet får to sendarar og Ytre Sula får tre. I tillegg får Strynefjellet og riksveg 15 i Oppland ny sendar i september.

No dekker DAB-nettet minst 99,7 prosent av befolkninga, ifølge NRK. Kravet frå styresmaktene er 99,5 prosent.

– Det blir sett opp nye sendarar for å betre totaldekninga, seier sjef for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox, han legg til at dei nye sendarane ofte er sett opp etter tilbakemeldingar frå publikum.

Publikum blir difor oppfordra til å ta kontakt med NRK ved spørsmål eller problem.

Les også: Ytre Solund står utan NRK radio i eit halvt år

Artikkeltags