Slik slapp 2094 sjåførar i Sogn og Fjordane å betale årsavgift

VRAKAR ÅRSAVGIFTA: Fleire vraka bilen sin i fylket i 2016 enn året før. Sunnfjord Bil (på bildet) er ein av sju godkjente vrakplassar i Sogn og Fjordane.

VRAKAR ÅRSAVGIFTA: Fleire vraka bilen sin i fylket i 2016 enn året før. Sunnfjord Bil (på bildet) er ein av sju godkjente vrakplassar i Sogn og Fjordane. Foto:

FYLKET: Og det kan du også gjere, om du vrakar bilen din før 20. mars.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

I fjor blei 3541 bilar vraka i Sogn og Fjordane, viser tal frå Skatteetaten. 2094 av desse bilane blei vraka under det første halvåret av 2016. Det er blitt ei trend at flest folk vrakar bilen sin på byrjinga av året, og det er ikkje utan grunn.

– Dette har nok samanheng med at alle bilar som blir vraka innan 20. mars ikkje må betale årsavgift, seier Kjell Vindvik ved Skatteetaten i ei pressemelding.

I fylket var det 168 fleire som vraka bilen sin i 2016 enn i 2015, men ser ein på heile landet var det færre vrakingar i fjor enn året før.

Viss du bestemmer deg for å vrake bilen din, rett nok på ein godkjend vrakplass, vil Skatteetaten automatisk utbetale vrakpant på 3000 kroner. Det vil ta frå ei til tre veker før pengane klirrar inn på konto.

Her finn du oversikt over godkjente vrakplassar i landets fylke.

Akershus er på vraketoppen, og landa på 13.742 bilar i fjor. Minst vraking var det i Finnmark, med 2095 bilar.

Frå og med 1. januar 2016 tok Skatteetaten over ansvaret for utbetaling av vrakpant, som tidlegare blei gjort av Tolletaten.

Artikkeltags