Sparebanken legg ned ni filialar

KUTTAR KONTOR: Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane

KUTTAR KONTOR: Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Folk kjem nesten ikkje fysisk til banken lenger, seier Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

DEL

– Vi sa i samband med rapporteringa for tredje kvartal at vi var i gang med ein prosess for å vurdere kontora våre, og at vi kom til å kome tilbake i slutten av november, seier administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Tysdag morgon fekk alle tilsette i Sparebanken beskjeden:

Filialane i Askvoll, Leirvik, Hornindal, Sande, Naustdal, Skei, Balestrand, Leikanger og Svelgen skal leggast ned i løpet av første halvår 2017.

Ingen misser jobben

– Nedleggingane rører ved 23 tilsette som er tilknytt desse ni kontora. Ingen misser jobben, men blir tilbydd arbeidsplass på eitt av dei andre kontora. Etter dette vil vi framleis ha 13 kontor i Sogn og Fjordane, noko som er vesentleg fleire enn nokon andre bankar, seier Teigene.

– Eig banken bygg på nokre av desse stadene?

– På dei aller fleste stader er vi leigetakarar. Gjennom fleire år har vi selt bygga, ikkje for å legge ned, men fordi vi vil konsentrere oss om vår kjerneverksemd, som er å drive bank, og så får andre drive eigedomsforvaltning.

– Korleis reagerer dei tilsette på dette?

– Med 280 tilsette er det ulike syn på dette. Men dei tilsette ser jo sjølve den store endringa som har skjedd i bruken av bank. Dei sit i fremste rekke og ser det som skjer, og dei lokale leiarane og tillitsvalde har vore involvert i prosessen.

Sparer fire millionar

– Kva er det dei ser?

– At det er ei stadig mindre gruppe som brukar banken på den måten at dei møter opp personleg. Folk er ikkje avhengige av sjølve bankfilialen, det er rådgjevarane som er viktige, og kontakten med dei går føre seg i stor grad på andre måtar enn ved å komme inn på kontoret. Vi har måtta gjere ei endring som er i tråd med det som skjer i resten av marknaden. Mange av desse kontora har vore sokalla rådgjevingskontor i fleire år no, der dei tilsette kanskje har vore til stades nokre få dagar i veka, og så pendla til større kontor dei andre dagane. Dei vil no få full jobb ved dei større kontora. For nokre er det korte avstandar å pendle, for andre blir det lengre.

– Kva sparer banken på dette?

– Ved å legge ned desse kontora er innsparinga knytt til husleige, straum og slikt rundt fire millionar i året.

– Det er jo ikkje veldig store summer, eigentleg?

– Nei, men kostnadane er heller ikkje hovudargumentet. Det er korleis kundane våre konsumerer banktenester i større grad digitalt. Dei fleste kontora har lenge hatt redusert tenestetilbod og opningstid, så overgangen blir ikkje veldig stor.

– Men for ei 85 år gammal dame utan sertifikat blir overgangen frå å ha ein bank ho kan gå i til å ikkje ha ein bank ho kan gå i, veldig stor?

– Ja. Dei aller fleste stadene dette gjeld, har vi etablert eit bank i butikk-tilbod for dei som ønsker å bruke banken manuelt. Der kan dei gjere innskot, ta ut kontantar og levere giroar. Det er eit par av desse stadene som ikkje har eit slikt tilbod, der vil vi sjå om vi kan få det opp og gå.

Artikkeltags