No er dette huset freda

EIGEDOM: Riksantikvaren fredar særs godt bevart kunstnarheim i Balestrand.

FREDA: Kunstnarheimen Heimdalstrand i Balestrand.

FREDA: Kunstnarheimen Heimdalstrand i Balestrand. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Heimdalstrand er den best bevarte kunstnarheimen bygd i dragestil i Balestrand, og no er eigedommen freda av Riksantikvaren, som omtalar fredinga på sine nettsider.

Heimdalstrand er eigedomen etter målarinna Emma Normann Pastor. Husa på eigedomen vart bygde i 1910 som sommarhus og arbeidsstad og vart seinare teken i bruk av dottera Helga Normann. Dei var begge kunstarar og brukte eigedomen om somrane fram til midten på 1980-talet. Her arbeidde dei, og selde arbeida sine til turistane som kom til Balestrand i sommarsesongen.

Utført i dragestil

Heimen stammar frå perioden rundt år 1900, der Balestrand var ein stadig meir populær plass for kunstnarar og turistar. Aukande turisme gjorde at det oppstod eit kunstnarmiljø i bygda, som stilte ut måleri både på hotella og kafeane, i tillegg til direkte sal til turistane.

Fleire av kunstnarane bygde seg eigne villaer, der dei budde og arbeidde om somrane. Mange av husa deira vart utforma i dragestil som i dag er eit typisk trekk ved arkitekturen i Balestrand.

– Usedvanleg godt bevart

– Heimdalstrand er usedvanleg godt bevart, og sannsynlegvis den mest intakte kunstnarbustaden frå kunstnarkolonien i Balestrand. Eigedomen er eit særs godt arkitekturhistorisk eksempel på den seine dragestilen, i tillegg til at den fortel om turismen på Vestlandet frå førre hundreårskifte og framover, seier riksantikvar Jørn Holme.

Bygningane på eigedomen består i dag av sommarhuset og atelieret/stabburet, og etter Helga Normann sin bortgang i 1987, står huset i stor grad slik det var då ho brukte det.

Mykje av den gamle hagen er bevart, med stiar, trapper, brygge og gamle planter og tre. Sommarhuset er teikna av Emma Normann Pastor, mens den omfattande dekoren i både eksteriør og interiør er skoren av Ivar Høyvik. Seinare vart ein svastika i utsmykkinga på gavlen til huset endra som fylje av at symbolet fekk nytt innhald under den andre verdskrigen.

Omfattande dekor

Bygningane på eigedomen består i dag av sommarhuset og atelieret/stabburet. Etter at Helga Normann døydde i 1987, står huset i stor grad slik det var då ho brukte det. Mykje av den gamle hagen er bevart, med stiar, trapper, brygge og gamle planter og tre. Sommarhuset er teikna av Emma Normann Pastor, mens den omfattande dekoren i både eksteriør og interiør er skoren av Ivar Høyvik. Seinare vart ein svastika i utsmykkinga på gavlen til huset endra som fylje av at symbolet fekk nytt innhald under den andre verdskrigen, skriv riksantikvaren.

Om kunstnarane:
Emma Normann Pastor (1871-1954) var frå Düsseldorf og måla fleire bilete med motiv frå Balestrand. Ho har mellom anna måla altartavla i Engelsk-kyrkja St. Olafs kyrkje i Balestrand. Også dottera Helga Normann (1902-1987) var kunstmålar. Ho var utdanna i dans og gymnastikk, dreiv eigen danseskule i Berlin frå 1928, og var knytt til operaen i Berlin 1933-1940 som ballettdansar. Emma og Helga flytta til Noreg under andre verdskrig, budde i Oslo om vinteren og i Balestrand om sommaren.
(Kjelde: NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon)

Artikkeltags