Håpte på 60 sommarjobbar - fekk 400

REKRUTTERINGGRUPPA: Arbeidsgruppa som jobbar for å få fleire sommarjobbar og sidejobbar til studentane F.v. Gro Rukan (tidlegare leiar av Framtidsfylket), Christiane Ulriksen (Marknadsansvarleg, Enivest),  Eli Nummedal (Instituttleiar, Institutt for ingeniør- og teknologifag, Høgskulen på Vestlandet), Øyvind Østrem (prosjektleiar Høgskulen på Vestlandet), Leon Bakkebø (Sogn og Fjordane Næringsråd/It-forum Sogn og Fjordane),

REKRUTTERINGGRUPPA: Arbeidsgruppa som jobbar for å få fleire sommarjobbar og sidejobbar til studentane F.v. Gro Rukan (tidlegare leiar av Framtidsfylket), Christiane Ulriksen (Marknadsansvarleg, Enivest), Eli Nummedal (Instituttleiar, Institutt for ingeniør- og teknologifag, Høgskulen på Vestlandet), Øyvind Østrem (prosjektleiar Høgskulen på Vestlandet), Leon Bakkebø (Sogn og Fjordane Næringsråd/It-forum Sogn og Fjordane), Foto:

ARBEIDSLIV: Næringslivet gjekk saman om å lyse ut sommarjobbar.

DEL

– Sommarjobbar sikrar studentane våre nyttig arbeidserfaring og viktige nettverk, og det ein ypparleg måte for næringslivet å knyte relasjonar med tilsette dei vil trenge i framtida. Ein klar vinn-vinn-situasjon, seier Leon Bakkebø, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd i ei pressemelding.

Eit samarbeid mellom bedrifter

Prosjektet RekrutterING handlar om å tilby studentar relevante sommarjobbar og samstundes sikre næringslivet i Sogn og Fjordane langsiktig rekruttering.

– Vi hadde eit mål om å kunne lyse ut 60 sommarjobbar. Dei siste månadene har ein kunne søkje på over 400 stillingar innan helse, ingeniørfag, IT, juss og ei rekkje andre fagområde i Sogn og Fjordane, fortel Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Prosjektet er initiert av Høgskulen på Vestlandet, og er eit samarbeid med bedrifter som IT-forum, Sogn og Fjordane Næringsråd og Framtidsfylket.

– Har store forventingar

Ei av bedriftene som har delteke i prosjektet er Enivest. Dei har sju sommarjobbstillingar i år og har motteke fleire søknadar enn tidlegare.

– Eg er ikkje i tvil at ei felles satsing på relevante sommarjobbar er vegen å gå. Eg har store forventningar til korleis satsinga vil utvikle seg neste år, når prosjektet vert betre kjent blant studentane, seier Christiane Ulriksen, marknadssjef i Enivest.

Artikkeltags