AUF Sogn og Fjordane har auka medlemstalet for tredje år på rad

STYRET: (f.v) Sindre Hornnes, Sandra Tenud, Aasa F. Grønvold, Egil Natvik Vestrheim, Paulina Sitarz og Reidar Fugle Nordhaug.

STYRET: (f.v) Sindre Hornnes, Sandra Tenud, Aasa F. Grønvold, Egil Natvik Vestrheim, Paulina Sitarz og Reidar Fugle Nordhaug. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Fylkets største ungdomsorganisasjon har også fått ny leiar. Sindre Hornnes frå Førde er stolt over tilliten.

DEL

– Eg er klar til å ta organisasjonen inn i eitt nytt år med vekst. Som fylkets desidert største politiske ungdomsorganisasjon kjem vi til å bruke posisjonen vår til å arbeide med mange spennande politiske saker som bortebuarstipend, styrking av nynorsken, og eit kollektivtilbod som er betre for ungdom, seier Sindre Hornnes i ei pressemelding.

Han har tidlegare vore leiar av Førde AUF og organisatorisk leiar i AUF Sogn og Fjordane.

Ved utgangen av 2017 hadde ungdomspartiet 459 medlemmar i fylket, og dette er tredje år på rad dei opplever auke i medlemstalet.

– Det skal vi bruke til å få større politisk gjennomslag i året som kjem, seier Henrik Thorsnes Lefdal, nyleg avgått fylkesleiar.

Den nye leiinga i AUF Sogn og Fjordane for 2018/2019 er:

Sindre Hornnes, Førde. (leiar)

Sandra Tenud, Gloppen. (politisk nestleiar)

Reidar Fugle Nordhaug, Førde. (organisatorisk nestleiar)

Aasa Fredriksen Grønvold, Høyanger. (styremedlem)

Egil Natvik Vestrheim, Lærdal. (styremedlem)

Paulina Sitarz, Stryn. (1. vara)

Artikkeltags