No kan du og lokalsamfunnet ditt vinne 100.000 kroner

MØTEPLASS: Slik ser naturmøteplassen til Steintøff 4H i Steinhovden ut. Eitt av kriteria som må oppfyllast for å vinne konkurransen er plassen skal kunne brukast av alle som vil.

MØTEPLASS: Slik ser naturmøteplassen til Steintøff 4H i Steinhovden ut. Eitt av kriteria som må oppfyllast for å vinne konkurransen er plassen skal kunne brukast av alle som vil. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: Har du lyst til å skape ein draumeplass i naturen? 4H Sogn og Fjordane lyser ut konkurranse.

DEL

– Eg håpar på mange søkjarar og stort lokalt engasjement, seier Dag Vea, som er prosjektleiar for «Draumeplassen».

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak konkurransen, med støtte frå Gjensidigestiftelsen. I løpet av våren skal dei kåre i alt fem vinnarar som får 100.000 kroner og prosjekthjelp til å utvikle ein naturmøteplass.

Mobiliserer lokalmiljøet

– Vi har fått veldig god respons. Eg har i alle fall blitt kontakta av 15 lokale eldsjeler som vil høyre om prosjektet. Mange ser dette som eit høve til å i lag med andre organisasjonar for å skape ein felles arena i lokalsamfunnet. Engasjementet er høgt og eg høyrer at det er mange som brenn for ideen sin, fortel Vea i ei pressemelding.

I 2015 gjennomførte 4H den første Draumeplassen-konkurransen i fylket, og kåra den gongen to vinnarar som fekk 50 000 kroner kvar og prosjekthjelp. No stiller Gjensidigestiftelsen med nye midlar, slik at heile fem vinnarar kan kårast.

– Eg trur vi har treft godt ved å lyse ut ein slik konkurranse. Dette mobiliserer mange lokalmiljø, og kan vere utløysande for å få skapt nye arenaer for fysisk aktivitet og læring om naturen, seier Vea.

KONKURRANSE: – Mange ser på dette som eit høve til å i lag med andre organisasjonar for å skape ein felles arena i lokalsamfunnet, seier prosjektleiar, Dag Vea.

KONKURRANSE: – Mange ser på dette som eit høve til å i lag med andre organisasjonar for å skape ein felles arena i lokalsamfunnet, seier prosjektleiar, Dag Vea. Foto:

Dette er kriteria:

  • Barn og unge skal vere aktive i heile prosessen
  • Plassen skal kunne brukast av alle som vil
  • Dei vektlegg kreativitet og nytenking
  • Det er positivt om prosjektet har fleire samarbeidspartar
  • Dei vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen
  • Dei vektlegg plassar som er eigna som læringsarena for natur- og miljøaktivitetar
  • Dei vektlegg søknadar som inkluderer turveg/turstiar og fysisk aktivitet
  • Søkjarar må dokumentere prosessen via ein blogg
  • Søknadsskjema finn ein på www.naturmøteplass.no

Konkurransen vil vare fram til 21. mai og vinnarane blir kåra 1. juni.

Artikkeltags