Politiet har arrestert valdtektstiltalt på rømmen

AKTOR: Statsadvokat Rudolf Christoffersen er aktor i saka, der tre menn frå Aust-Europa står tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne i Sogndal i fjor.

AKTOR: Statsadvokat Rudolf Christoffersen er aktor i saka, der tre menn frå Aust-Europa står tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne i Sogndal i fjor. Foto:

Den eine av tre valdtektstiltalte austeuropearar stakk av og møtte aldri i retten. No har politiet arrestert han.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Då tre valdtektstiltalte menn skulle møte i Sogn og Fjordane tingrett i februar, mangla éin av dei. Han hadde stukke av då han slapp ut frå varetekt i fjor, og blei etterlyst internasjonalt.

Mennene stod tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne i Sogndal etter tur ei februarnatt i 2018.

No har politiet arrestert den siste mannen. Dei fann han i Sortland i Nordland på onsdag, skriv NRK.

– Vi er veldig godt fornøgde med politiet sin innsats. Dei har brukt mykje ressursar og gjort ein kjempejobb med å få tak i han, seier aktor i saka, Rudolf Christoffersen, til NRK.

Dei to andre tiltalte blei dømt til fengsel i fem år og tre månadar og fire år og seks månadar. Begge har anka dommane. No er målet å få ei felles behandling av saka til alle tre i lagmannsretten etter sommaren, ifølge aktor Christoffersen.

Les meir om saka:

Artikkeltags