Tidlegare fylkestopp erkjenner delvis straffskuld

Aktor Magnus Engh Juel (t.h.) i diskusjon med forsvarar Stig Nybø (midten).

Aktor Magnus Engh Juel (t.h.) i diskusjon med forsvarar Stig Nybø (midten). Foto:

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

TINGRETTEN: Saka mot mannen som er tidlegare leiar i fylkeskommunen er i gang.

DEL

Ein tidlegare leiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune er tiltalt for grov økonomisk utruskap på 3,7 millionar kroner.

Mannen vart suspendert frå jobben då fylkesrådmannen fekk mistanke hausten 2014. Sidan fekk han sparken.

I dag starta rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett. Det er sett av to veker til saka og Firda vil følge det som skjer.

Mannen starta dagen med å erkjenne delvis straffskuld. Tidlegare har forsvarar Stig Nybø uttalt at klienten hans har erkjent å ha brukt 150.000 utan rettmessige fullmakter. Langt frå dei 3,7 millionane som politiet har tatt ut tiltale på.

– Det er noko heilt anna enn tiltalen som er heilt hinsides all sunn fornuft, sa advokat Stig Nybø til NRK i slutten av mai.

Mannen skal mellom anna ha brukt offentlege midlar til å kjøpe inn kostbart utstyr som vart brukt av ein lokal fotballklubb. Ifølge tiltalen er det snakk om datautstyr, film- og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings- og friluftsutstyr, byggemateriale, mobiltelefonar, sjampanjekjølarar og ei røykmaskin.

Artikkeltags