Politiet krev fire år fengsel for innbrotsraid

I vinter vart det gjort tolv innbrot og tre innbrotsforsøk på Vestlandet som politiet såg i samanheng. Førre veke møtte ein mann i 20-åra i Sogn og Fjordane tingrett. Han er tiltalt for medverknad til grovt tjuveri.