Mannen er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 90 dagar fengsel, der 60 av dagane er på vilkår med ei prøvetid på to år. Ein del av straffa er også for oppbevaring av ei mindre mengd narkotiske stoff. Det verka formildande på straffa at saka har tatt noko tid.

Var i varetektsfengsel

Då mannen i 50-åra vart arrestert, måtte han sitte fire veker i varetekt. Desse vekene blir trekt ifrå den delen av fengselsstraffa som er vilkårslaus.

Ifølge dommen, har sunnfjordingen oppbevart 24 bilde og ein video på litt over fire minutt, som inneheld grove overgrep mot barn. Bilda viser barn heilt ned i toårs alderen. I retten gjekk det fram at mannen hadde hatt bilda over tid.

Tilstod

Mannen tilstod å ha lasta ned og oppbevart overgrepsmaterialet, noko som verka formildande på straffa. Likevel vart det ikkje gitt full utteljing for tilståinga, sidan bevisa ligg i beslaget.

Det barnepornografiske materialet vart funne på ein smarttelefon, ein minnepenn og ein berbar datamaskin. Sidan utstyret har blitt nytta ved straffbare handlingar, kravde retten at det vart levert inn. Mannen samtykka til dette.