Slo kjærasten i ryggen slik at ho vart skadd, men slepp fengsel

Artikkelen er over 1 år gammel

TINGRETTEN: Krangel i heimen enda med eit slag i ryggen som gav sambuaren varige helseplager. Mannen slepp fengsel, men må betale for behandling og tort og svie.

DEL

Ein mann i slutten av tjueåra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for å ha slått sambuaren sin i ryggen.

I tiltalen heitte det at han slo «et kraftig slag som trefte [ ...] på rumpa/nedre del av rygg, slik at [ ...] fekk smerter og mogleg brot i nedre rygg.»

Valden hende i parets felles heim i forbindelse med ein krangel, og ifølge tingretten var det ei så alvorleg integritetskrenking, at det er rettspraksis å dømme til fengsel utan vilkår.

Slepp fengsel

Ifølge dommen kom slaget i forbindelse med ein krangel, men retten meiner valden ikkje står i forhold til kva mannen sjølv vart utsett for av lekamsfornærmingar frå hennar side. Den provoserande oppførselen hennar, blir likevel rekna som formildande av tingretten i straffutmålinga.

Retten meiner også at tilståinga, og tida frå handlinga og fram til dommen på vel to og eit halvt år, er formildande. Retten meiner også det er formildande at partane tidlegare var samde om at handlinga ikkje skulle meldast til politiet. Det blir også vist til at handlinga er ei enkelthandling og at mannen er tidlegare ustraffa.

Mannen tilstod i retten og fekk ein tilståingsdom på 45 dagar i fengsel på vilkår. Fengselsdommen blir utsett med ei prøvetid på to år.

Erstatning for behandling

Kvinna fekk skadar ho måtte ha behandling for, og ifølge dommen ser helseplagene ikkje ut til å gå over med det første. Kvinna søkte erstatning for undersøkingar og behandling, som tiltalte meinte var unødvendig.

Retten meiner det må vere rom for å prøve ulike behandlingsmetodar når helseplagene ikkje går over av seg sjølv, og at kravet ligg innanfor det som er rimeleg å krevje skadevaldaren for. Dette kravet var på nær 8000 kroner.

Mannen er også dømd til å betale ei bot på 5000 kroner, samt 15.000 kroner for tort og svie.

Eit krav på vel 70.000 kroner for tapt inntektsforteneste vart også fremja, men retten meiner at kravet om tapt inntekt ikkje er gjort sannsynleg. Mannen er derfor frifunnen frå dette kravet.

Artikkeltags