Ifølge tiltalen skal mannen, som den gongen var i slutten av tenåra, ha fått ei jente til å masturbere seg. Ho var 15 år då dette skal ha hendt.

Mannen er i tillegg tiltalt for oppbevaring av 60 gram hasj, og for bruk av hasj.

Han skal også ha køyrt bil utan gyldig førarkort, og i eitt femte punkt i tiltalen står det at han skal ha lånt ut førarbeviset sitt for moped som ID til ein person under 18 år.