Valdtektsdømde ankar til Høgsterett

Dei tre mennene som alle er i 30-åra fekk alle fengselsstraff. No vil dei prøve saka i høgste instans.

DEL

I 2019 blei tre menn tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne etter tur i Sogndal natt til 6. februar 2018. Like før jul vart dei tre mennene dømde i Gulating lagmannsrett.

Dei to brørne som stod tiltalt fekk fem års fengsel kvar, medan tredjemann vart dømd til seks og eit halvt års fengsel.

Lagmannsretten dømde dei også til å betale 2.833.784 kroner for tap av framtidig arbeidsinntekt og ei meinerstatning på 320.000 kroner.

I tillegg skal hovudtiltalte, tredjemann, betale fornærma ei oppreising på 200.000 kroner, og dei to brørne 150.000 kroner i oppreising kvar.

Til saman summerer erstatningsbeløpa seg til vel 3,7 millionar kroner.

Den 20. januar kom meldinga om at dei alle ankar saka til Høgsterett. Det var NRK Sogn og Fjordane som melde dette først.

Dei dømde mennene vil bli sittande varetektsfengsla inntil Høgsterett har behandla anka.

Artikkeltags