Mann tiltalt for å ha slått kona i ansiktet

No må han møte i retten i november.

DEL

Ein mann i 40-åra skal ha slått kona si fleire gonger i ansiktet med open hand.

Vedkommande skal også ha tatt grep rundt halsen til kona. Fornærma skal ha fått blåmerke og sår i ansiktet og på halsen som følge av hendinga.

Hendinga skal ha skjedd i ein kommune i Sunnfjord.

Mannen er no tiltalt for å vald mot ein anna person, og må møte i Sogn og Fjordane tingrett i november.

Artikkeltags