Stigen gleid, bota svei

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

TINGRETTEN: Politiet har sikta ei Sunnfjord-bedrift for brot på arbeidsmiljølova.

DEL

Det dreiar seg nærare bestemt om paragrafen som seier at stigar skal stillast slik at dei er stødige under bruk, skriv Firdaposten.

I april for to år sidan i samband med at ein tilsett skulle hente ned ein gjenstand 2,79 meter over golvnivå, nytta vedkommande ein stige som ikkje var tilstrekkeleg sikra mot utgliding. Dermed gleid stigen under mannen, som fall ned og vart påført brot i ein arm og slagskadar. Mannen var sjukmeld i nesten ein månad etter uhellet. For dette vart bedrifta mannen var tilsett hos, idømd ei bot på 40.000 kroner.

Bedrifta har nekta å godta bota, og må difor møte i retten like over nyttår. Tingretten gjer merksam på at storleiken på bota bygger på at førelegget vert vedteke. Vert det ikkje det, vil det i retten bli lagt ned påstand om bot på 48.000 kroner, i tillegg til at det blir kravd sakskostnader til det offentlege.

Saka skal opp for Sogn og Fjordane tingrett 19. januar.

Artikkeltags