Utselde hus: «Alle» vil sjå desse på lokalet

SKODESPELARANE: Martha Standal, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Idun Losnegård, Christer Tornell, Anette Stokke, Anne Guri Tvedt og Erlend Auestad Danielsen er På lokalet.

SKODESPELARANE: Martha Standal, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Idun Losnegård, Christer Tornell, Anette Stokke, Anne Guri Tvedt og Erlend Auestad Danielsen er På lokalet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Sogn og Fjordane teater si framsyning «På lokalet» har hatt ein fin start på turneen sin.

DEL

Fem av seks framsyningar blei utselde den første veka, og denne veka er allereie to framsyningar utselde.

– Det er veldig hyggeleg at det blir så godt tatt imot! Det er ikkje alltid lett å spå kva som slår an, men det gjorde dette, seier informasjons- og marknadssjef Lene Grande ved Sogn og Fjordane teater.

Danseframsyninga er no ute i andre veke på turne, og har hittil spelt i Førde, Innvik, Breim, Stadlandet, Ålhus og Holmedal.

– Noko alle kan kjenne seg igjen i

– Vi har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som ikkje har fått tak i billettar, og folk som lurer på kvifor vi ikkje har framsyning der dei bur. Det er hyggeleg at dei vil ha teateret på besøk, men det er dessverre ikkje mykje vi får gjort med det no, seier ho.

Framsyninga er ei dansehyllest til grendehusa som har prega bygdene i Norge i etterkrigstida. Grande trur dette er noko av grunnen til at såpass mange tar turen.

Les også: – Eg lengtar litt tilbake til den tida

– Det gjer jo at det er lett gjenkjenneleg. I tillegg tar stykket for seg dei ulike tiåara som har vore, så det er noko for kvar og ein å kjenne seg igjen i. Og når det ryktast at framsyninga er bra, er det nok mange som tenker at det er lurt å få det med seg, seier ho.

Turneen varer fram til 25. september, og totalt skal det spelast 18 framsyningar.

Artikkeltags