Fleire hus i Breim er utan straum

Årsaka skal vere ein feil på linjenettet.

DEL

Straumbrotet skjedde like etter klokka 08.00 tysdag og gjaldt store delar av Breim.

– Vi har sendt avgårde montørar for å rette feilen. Det er førebels uråd å seie kor lenge straumstansen blir. Vi beklagar ulempa dette medfører, var meldinga frå Sogn og Fjordane energi.

Klokka 10.40 opplyste energiselskapet at det er 14 kundar på Skinlo og Jordanger som er utan straum.

– Det er feil på ein transformator og vi har montørar på staden no. Vi kjem att med meir informasjon når vi veit kor tid straumen kjem att, opplyser kommunikasjonssjef Jannicke Lindvik.

I Bremanger vert det ei planlagd utkopling av straumen på rådhuset, legesenteret og nokre hus sør/sør-aust for rådhuset denne ettermiddagen. Årsaka er feilretting på ein trafor. Utkoplinga skjer klokka 17.00 og vil vare til 20.00.

Saka vert oppdatert.

Artikkeltags