Kampen om SFE-aksjane: BKK vurderer å anke

I  RETTEN: – Retten skulle avvist denne saka, hevdar BKKs advokat, Filip Truyen (t.v.). Med seg i tingretten hadde han Pia Schjøtt og Jon Aadland, alle frå Wikborg og Rein Advokatfirma.

I RETTEN: – Retten skulle avvist denne saka, hevdar BKKs advokat, Filip Truyen (t.v.). Med seg i tingretten hadde han Pia Schjøtt og Jon Aadland, alle frå Wikborg og Rein Advokatfirma. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TINGRETTEN: Kampen om fylket kan gi SFE-aksjar til kommunane eller ikkje, kan kome til å halde fram i rettsvesenet.

DEL

– Spørsmålet om retten skal kunne avgjere forkjøpsretten i ein transaksjon som enno ikkje har skjedd, er så prinsipielt viktig at BKK vil vurdere å anke dommen. Det seier BKKs konserndirektør for kommunikasjon, Tonny Nundal, i ei pressemelding etter tapet i rettssaka som gjekk for Sogn og Fjordane tingrett 3.–5. september.

Fylkets arvesølv

Striden om forkjøpsretten har samanheng med Sogn og Fjordane sin kamp for å behalde kraftverdiane innanfor dagens fylkesgrense, etter samanslåinga med Hordaland i 2020.

Dette har fylkeskommunen tenkt å oppnå med å gi 80 prosent av SFE-aksjane sine til primærkommunane i form av B-aksjar som gir utbyte, medan resten av aksjane framleis skal ligge i holdingselskapet Sogn og Fjordane Holding og vere A-aksjar som gir kontroll. Haken ved dette grepet er risikoen for at det utløyser den forkjøpsretten BKK har som eigar av 36,8 prosent i SFE.

– Forkjøpsretten blir ikkje løyst ut, seier Sogn og Fjordane tingrett, i ein dom der BKK tapte fullstendig.

«Burde vore avvist»

BKKs advokat og ekspert på selskapsrett, dr. juris Filip Truyen, meiner saka skulle vore avvist.

– Domstolen sin funksjon er å vere tvisteløysar, ikkje utgreiar, og i denne saka ligg det ikkje føre ein aktuell tvist. Fylkeskommunen har ikkje overført aksjar til kommunane, og korkje BKK eller andre eigarar har hevda forkjøpsrett til aksjane. Innan dette rettsområdet er det ikkje praksis for at domstolane avklarer spørsmål om forkjøpsretten før ein transaksjon er gjennomført, seier Truyen i pressemeldinga.

– Subsidiært la BKK ned påstand om frifinning. Vi meiner at aksjelova ikkje opnar for at det kan gjevast dom for eit slikt krav. Dessutan meiner vi at modellane som fylkeskommunen bad retten ta standpunkt til er ei omgåing av forkjøpsretten, seier Truyen.

Artikkeltags