SFE sit att med 286 millionar etter skatt

GÅR GODT: Høge prisar, mykje vatn og tørr sommar var med på å gje pengar i kassen til Sogn og Fjordane Energi.

GÅR GODT: Høge prisar, mykje vatn og tørr sommar var med på å gje pengar i kassen til Sogn og Fjordane Energi. Foto:

Sogn og Fjordane Energi fekk i 2018 eit overskot på drifta med 571 millionar kroner.

DEL

Selskapet sitt førebelse rekneskap viser at Sogn og Fjordane Energi (SFE) sit att med 286 millionar kroner etter skatt. Det skriv selskapet sjølv i ei pressemelding fredag.

Årsresultatet for 2018 er 92 millionar større enn året før og SFE peikar på høge kraftprisar på den nordiske kraftbørsen, kombinert med høg produksjon, som viktig for resultatet:

– Ein svært våt haust etterfølgde ein tørr sommar, og gjorde sitt til at produksjonsmengda var høg i ein periode med høgare prisar enn det har vore dei seinare åra. I fleire av vassdraga var det viktig å produsere mykje i denne perioden for å unngå flaumsituasjonar, seier konsernsjef Johannes Rauboti, i pressemeldinga.

Lågare resultat på nettverksemda

Akkurat no går det ein heftig debatt om nettleige, og om ulike alternativ for samanslåing av kraft- og nettselskap. I pressemeldinga forsvarar SEF den høge nettleiga, og skriv at ein har lågare resultat for denne delen av verksemda.

– Enkelte tenker kanskje at høg nettleige gir høgare resultat, men slik er det ikkje. Den høge nettleiga reflekterer høge kostnader med å drifte nettet området vårt, med mykje kraftproduksjon og relativt sett mange meter nett per kunde. Derfor har vi aktivt jobba for ei meir rettferdig fordeling av nettleiga nasjonalt, seier Rauboti.

Ønsker lokalt eigarskap

Konsernsjefen nyttar også høvet til å argumentere for lokal eigarskap som viktig for investeringar. SFE investerte i fjor 515 millionar kroner i nytt nett og ny kraftproduksjon. Prosjekt som blir nemnde er Jølstra Kraft, Østerbø kraftverk og vindkraftprosjekt i Selje, Bremanger og Fjaler.

– Sogn og Fjordane er eit av dei viktigaste områda for produksjon av fornybar energi i Noreg. Vi har stor tru på at lokalt eigarskap og engasjement er viktig i forvaltninga av desse fantastiske naturressursane. Vi er heldige å ha fleire spennande prosjekt for hand, både innan vatn og vind, og ein organisasjon som er svært godt rusta til å utvikle desse til det beste for eigarane og fellesskapet, seier Rauboti.

SFE kjøper opp vindkraftprosjekt

Nøkkeltal (mill. kr): 2018 2017
Driftsinntekter 1681 1287
Driftsresultat 571 379
Resultat før skatt 513 365
Resultat etter skatt 286 193

Artikkeltags