Kraftig auke i årsresultatet til Sogn og Fjordane Energi

OVERSKOT: SFE auka årsresultatet sitt i 2017. Her frå linjebygging på Atløy. Foto: Ingunn Osland
ØKONOMI: Sogn og Fjordane Energi sin årsrekneskap for i fjor, viser eit resultat etter skatt på 193 millionar kroner. Altså, ei auke på fire millionar frå 2016.
– Kor mykje kraft vi produserer, og kva pris vi oppnår på denne marknaden, er viktige drivarar for resultatet, seier konsernsjef Johannes Rauboti i ei pressemelding.
Men sjølv om kraftprisen, som var 2,5 øre høgare i snitt enn året før, og mengda kraft som blir produsert har ein del å seie for resultatet, er det også andre ting som har spelt inn.
– Vi leverer ikkje så gode resultat utan at det blir jobba godt i heile organisasjonen. Mellom anna har vi redusert driftskostnadane vore med 33 millionar kroner på fire år, fortset Rauboti.
Utbytte på over 62 millionar
Styret i SFE tilrår eit utbytte til eigarane, på over 62 millionar kroner. Størst utbytte får Sogn og Fjordane Fylkeskommune, gjennom dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding. Etter dei kjem BKK, og deretter fleire kommunar i fylket.
– Det er viktig for oss å bidra til god verdiskaping for dei offentlege eigarane vore, samstundes som vi sit att med verdiar som gir rom for vidare utvikling av konsernet, seier Rauboti i den nemnde pressemeldinga.
Så mykje får dei ulike eigarane i utbytte etter 2017:
Eigarar | Eigardel | Avsett utbytte i NOK |
Sogn og Fjordane Holding AS | 49,55 % | 31 063 000 |
BKK | 36,83 % | 23 088 000 |
Flora kommune | 4,64 % | 2 910 000 |
Gloppen kommune | 3,45 % | 2 167 000 |
Bremanger kommune | 2,47 % | 949 000 |
Askvoll kommune | 1,47 % | 568 000 |
Selje kommune | 1,33 % | 513 000 |
Eid kommune | 0,14 % | 57 000 |
Naustdal kommune | 0,07 % | 27 000 |
SUM: | 100,00 % | 62 681 000 |
Kommentarer til denne saken