Fare for snøskred fleire stader i fylket

Skal du bruke helga på å oppsøke snøen i fjella, då bør du oppdatere deg på snøskredfaren.

DEL

Nettsida Varsom melder om betydeleg snøskredfare fleire stader i fylket både fredag og laurdag.

Det er både Indre Fjordane og Indre Sogn som er utsett for snøskred, der begge områda har fått faregrad 3 i skalaen.

Begge områda er utsett for flokkskred. Dette oppstår når vinden flyttar snø, enten under eit snøfall eller snø som ligg på bakken frå før.

Varsam tilrår folk som skal i fjellet å unngå terreng brattare enn 30 grader med fersk fokksnø til den har stabilisert seg.

I tillegg til fokksnø har er det også meld om laussnøskred i Indre Sogn. Dei råder om å følge med på snøoverflata når den blir våt og mjuk. Skredfaren aukar i takt med temperaturstiging og nedbør.

FAREGRADSKALA: Dette er faregradskalen for snøskred. Indre Fjordane og Indre Sogn er begge på faregrad tre fredag og laurdag. Illustrasjon:Varsom.no

FAREGRADSKALA: Dette er faregradskalen for snøskred. Indre Fjordane og Indre Sogn er begge på faregrad tre fredag og laurdag. Illustrasjon:Varsom.no

Artikkeltags