To av fem meiner skulevegen til borna er utrygg

Første skuledag.

Første skuledag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKULESTART: – Vis omsyn! er oppmodinga frå NAF.

DEL

Måndag er første skuledag for mange fem- og seksåringar. Dette er også deira første møte med skulevegen.

Skulevegen er ofte full av trafikkfeller for borna, og så mange som ein av fire vaksne oppfattar skulevegane som utrygge, syner ei landsomfattande undersøking utført av NAF.

To av fire av foreldre til barneskuleborn meiner det same.

– Det er urovekkande. Enkle grep kan gjerast for å betre forholda. Sikre fortau og sykkelvegar er viktig, meiner Bente Liabø Thorsen, styreleiar i NAF Fjordane og Ytre Sogn.

Dette kjem også fram av undersøkinga.

– Vi veit og at born ikkje oppfattar og vurderer farar på same måte som vaksne. Born er spontane og impulsive. Difor må vi vaksne vere ekstra merksame, seier Thorsen.

Undersøkinga til NAF syner at berre ein av fem av dei utan born i huset synest skulevegane er utrygge. Ein av tre foreldre med heimebuande born og fire av ti foreldre med barneskuleborn svarar det same.

Jo yngre born ein har, di meir fryktar ein skulevegen.

– Vi oppmodar alle trafikantar til å syne respekt for skulepatrulje og skulestart-skilt, og vis også stor varsemd i trafikken rundt skular slik at dei minste trafikantane kjem seg trygt fram både til og frå skulen, seier Thorsen.

Undersøkinga er gjort i 2017 og er basert på landsrepresentative intervju. Den er gjennomført av TNS Gallup på oppdrag frå NAF. Dei som oppfattar skulevegane som utrygge har halde seg relativt stabilt sidan 2015.

Artikkeltags