Nesten 4.000 lærarar er ikkje kvalifiserte

Av

Noreg har fått fleire lærarar, men om lag 3.800 av dei har ikkje tilstrekkeleg utdanning. No løyver regjeringa 2,1 millionar kroner for å auke kompetansen i grunnskulen.

DEL

Lærarårsverka har auka med 3.400 sidan 2013, men nye tal viser at om lag 3.800 lærarar manglar tilstrekkeleg utdanning. Fleire av desse har starta på, men ikkje fullført, lærarutdanninga.

– Vi ønsker at dei som jobbar i skulen, men ikkje har fullført utdanninga, skal få moglegheita til å fullføre. Då får dei ein solid kompetanse og kan tilsetjast fast i skulen. Alle elevar skal møte kvalifiserte lærarar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

No løyver regjeringa 2,1 millionar kroner for å auke kompetansen blant lærarane. Høgskolen i Innlandet, får 1,3 millionar kroner, Høgskolen i Østfold får 500.000 kroner og Samisk høgskole får 300.000 kroner.

Artikkeltags