Halvparten av engelsklærarane i grunnskulen har ikkje nok kompetanse

STØRST BEHOV PÅ SMÅSKULETRINNET: Behovet for auka fagkompetanse i engelsk er størst på småskuletrinnet, der sju av ti engelsklærarar manglar kompetanse i faget.

STØRST BEHOV PÅ SMÅSKULETRINNET: Behovet for auka fagkompetanse i engelsk er størst på småskuletrinnet, der sju av ti engelsklærarar manglar kompetanse i faget. Foto:

Av

Langt færre engelsklærarar i grunnskulen oppfyller kompetansekrava enn dei som underviser i norsk og matematikk. Det er blant funna i ein ny rapport.

DEL

Det er òg færre kvinnelege lærarar enn menn som har studiepoeng i faget, viser ein rapport som Statistisk sentralbyrå (SSB) har utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

– 55 prosent av engelsklærarane i grunnskulen har studiepoeng i faget. Til samanlikning har 85 og 82 prosent av høvesvis norsk- og matematikklærarane studiepoeng i desse faga, seier Biljana Perlic i seksjonen for utdanningsstatistikk i SSB.

Opplæringslova krev at lærarane på barneskulen skal ha minst 30 studiepoeng i faget for å kunne undervise i norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk. På ungdomsskuletrinnet er kravet 60 studiepoeng. Fram til 2025 kan lærarar som manglar tilstrekkeleg fagkompetanse, få dispensasjon frå kravet.

– Berre halvparten av engelsklærarane har studiepoeng i samsvar med krava i opplæringslova. Blant dei mannlege lærarane har 56 prosent tilstrekkeleg kompetanse, medan delen er 48 prosent for dei kvinnelege, seier Perlic.

– Viktig

Behovet for auka fagkompetanse i engelsk er størst på småskuletrinnet, der sju av ti engelsklærarar manglar kompetanse i faget.

– Vi har bestilt denne undersøkinga fordi det er viktig å ha god oversikt over kompetansen til lærarane i norsk skule. Kartlegginga viser at det framleis er eit stort behov for vidareutdanning blant grunnskulelærarane, men eg er glad for at faga norsk, matematikk og framandspråk har mange lærarar med formell kompetanse, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Han understrekar at kommunane har ansvar for å kartlegge behovet for vidareutdanning på kvar enkelt skule, slik at lærarar som underviser i og manglar kompetanse i norsk, matematikk og engelsk, får høve til å skaffe seg slik kompetanse i perioden fram til 2025

Ni av ti fast tilsette

Ni av ti lærarar i grunnskulen er tilsette i faste stillingar. Denne høge delen må sjåast i samanheng med at undersøkinga til SSB berre inkluderer lærarar med stillingsprosent på minst 50 prosent. Tre av fire lærarar i grunnskulen er kvinner.

Kor mange lærarar som fyller krava om fagkompetanse, varierer frå fag til fag. Likevel er det slik at i det store og heile er mange grunnskulelærarar som har kompetanse i faget dei underviser i. Delen lærarar med kompetanse i faget dei underviser i, er høgare på ungdomsskuletrinnet enn på småskule- og mellomtrinnet.

Manglar pedagogisk utdanning

Ein tilleggsrapport skulle kaste lys over utdanningsnivå og fagkompetanse blant undervisningspersonale som manglar fullført pedagogisk utdanning.

Tilleggsrapporten viser at to av tre lærarar utan tilstrekkeleg pedagogisk utdanning er fast tilsette i grunnskulen. Fagkompetansen er lågast blant dei som underviser i engelsk, og høgast blant dei som underviser i norsk.

Sjølv om ingen av lærarane har fullført ei pedagogisk utdanning, har fleirtalet som underviser i matematikk, norsk eller engelsk fagkompetanse i den forstand at dei har nok studiepoeng i faget dei underviser i.

Flest kvinner

Tilleggsrapporten viser òg at sju av ti lærarar utan pedagogisk utdanning er kvinner. Dette må likevel sjåast i samanheng med at så mange som 75 prosent av alle lærarar er kvinner. Blant dei kvinnelege lærarane er delen utan pedagogisk utdanning noko høgare enn hos menn.

Delen utan pedagogisk utdanning er størst blant dei unge lærarane – men her er det òg mange som er i ferd med å ta ei høgare utdanning.

(©NPK)

Artikkeltags