Fråværet gjekk ned 20 prosent med fråværsgrense

MINDRE FRÅVÆR: I rapporten trekkjer forskarane fram at det er store variasjonar i kor mykje ulike elevgrupper kuttar fråværet sitt. Analysar viser at dei som hadde mest fråvær tidlegare, er dei som har redusert fråværet sitt mest.

MINDRE FRÅVÆR: I rapporten trekkjer forskarane fram at det er store variasjonar i kor mykje ulike elevgrupper kuttar fråværet sitt. Analysar viser at dei som hadde mest fråvær tidlegare, er dei som har redusert fråværet sitt mest. Foto:

Av

UTDANNING: Ein fersk rapport frå Fafo viser at fråværet i vidaregåande skule er redusert med 20 prosent sidan fråværsgrensa vart innført i 2016.

DEL

I rapporten som VG har fått tilgang til, kjem det fram at gjennomsnittseleven i vidaregåande reduserte sitt totale fråvær med omtrent 20 prosent – eller 15 timar i året – etter innføringa av fråværsgrensa.

– Innhaldet i denne rapporten viser at diskusjonen om vi skal ha ei fråværsgrense no kan avlysast, men at vi må diskutere korleis vi kan gi utsette elevar betre oppfølging seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) til avisa.

I rapporten trekkjer forskarane fram at det er store variasjonar i kor mykje ulike elevgrupper kuttar fråværet sitt. Analysar viser at dei som hadde mest fråvær tidlegare, er dei som har redusert fråværet sitt mest.

Då grensa på ti prosent vart innført under Torbjørn Røe Isaksen (H), vart det store protestar, mellom anna fordi det kunne påføre elevar stress. Det blir bekrefta i rapporten, som òg trekkjer fram at nokre elevar på grunn av fråværsgrensa har ein større risiko enn tidlegare for å ikkje få karakter i fag.

I den nye regjeringsplattforma har partia vorte einige om at fråvær grunna obligatoriske timar for trafikkopplæring skal bli unnateke frå fråværsgrensa.

Artikkeltags