118 kan bli tatt ut i streik neste fredag

Dersom meklinga mellom KS og Unio ikkje fører fram blir det streik. Det vil mellom anna råke skular og barnehagar.

DEL

– Vi skal jobbe hardt for å finne ei løysing i meklinga, men blir det nødvendig, er Unio sine medlemmar klare til kamp.

Det seier forhandlingsleiar Steffen Handal i Unio Kommune i ei pressemelding.

Årsaka til at lønsforhandlingane mellom Unio og KS braut saman, og dermed hamna hos riksmeklaren, er at lærarane fekk tilbod om lågare lønsvekst enn andre arbeidstakarar. Unio skriv i pressemeldinga at lærarane fekk tilbod om 3,03 prosent vekst, medan ramma for kommunesektoren elles er på 3,25 prosent.

– Det er beklageleg at elevar over heile landet blir råka, men det blir dessverre konsekvensen om KS held fram med å prioritere ned lærarane, seier Handal.

Meklingsfristen er natt til fredag 24. mai. I første omgang er det planlagt å ta ut 118 tilsette i Sogn og Fjordane, alle i Sogndal:


Sogn og Fjordane fylkeskommuneSogndal vidaregåande skule76
Sogndal kommune Furuli barnehage1
Sogndal kommuneKaupanger skule10
Sogndal kommuneKvåle skule25
Sogndal kommuneSogndal helsesenter1
Sogndal kommuneSogndal kommune 2
Sogndal kommuneSogndal omsorgssenter3

Totalt118

Artikkeltags