40 har meldt frå til mobbeombodet dette skuleåret

OMBODET: Aina Drage får halde fram som mobbeombod i Sogn og Fjordane.

OMBODET: Aina Drage får halde fram som mobbeombod i Sogn og Fjordane. Foto:

Mobbeombod Aina Drage fekk inn 40 meldingar som galdt einskildpersonar i skuleåret 2018–19.

DEL

Det viser årsmeldinga ombodet nyleg la fram for fylkestinget.

Meldingane fordeler seg likt mellom gutar og jenter. 18 av desse meldingane førte til at mobbeombodet følgde vidare med i sakene, og har delteke som støttespelar og samarbeidspart for heimen og for barnehagen eller skulen sakene gjeld.

37 prosent av meldingane er knytt til 8.–10. klassetrinn, 32 prosent til 5.–7. klasse, og 26 prosent til 1.–4. klasse.

5 prosent av meldingane har med forhold i barnehagane å gjere.

Skulemiljøet

Ifølge årsmeldinga handlar nær 30 prosent av meldingane om problem i eleven sitt skulemiljø. I sju prosent av tilfella er også krenking frå ein vaksen ein faktor.

Nokre av meldingane fell utanfor kategoriane som gjeld skulemiljø, skriv ombodet.

Her handlar det om utrygge miljø i barnehage, mobbing i barnehage, mobbing i fritidsmiljø og meldingar som gjeld andre delar av opplæringslova.

Mobbeombod Aina Drage har oppdaga at skulane har varierande kvalitet på handteringa av mobbe- og krenkingssaker.

– Dette har spesielt kome til uttrykk i den delen av arbeidet som handlar om å undersøke godt nok, for så å setje inn treffsikre tiltak, skriv ho.

Drage skriv at ho også her i fylket ser det nasjonale trekket der halvparten av niåringane er på sosiale medium.

– Digital dømmekraft er i seg sjølv utfordrande for born i grunnskulen, og mangel på slik dømmekraft kan bidra til utrygt miljø. Digital mobbing skapar frykt, og er svært skadeleg for den som vert utsett for det, skriv mobbeombod Drage.

Held fram med ordninga

Stillinga som mobbeombod vart oppretta i fjor. Tysdag vedtok fylkestinget å la ordninga halde fram.

Dette skuleåret er det om lag 5.500 barnehageborn i Sogn og Fjordane, fordelt på 143 barnehagar. Fylket har 109 skular, med til saman 13.915 grunnskuleelevar.

Artikkeltags