Politimelder misbruk av skulenettside

ØYRANE: Den gamle nettsida til Øyrane vgs vart lagt ned etter samanslåinga med avdelinga på Mo. No viser det seg at andre har funne den og brukt den til såkalla søkeoptimalisering på nettet. Illustrasjonsfoto.

ØYRANE: Den gamle nettsida til Øyrane vgs vart lagt ned etter samanslåinga med avdelinga på Mo. No viser det seg at andre har funne den og brukt den til såkalla søkeoptimalisering på nettet. Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Øyrane vidaregåande skule si gamle nettside vart brukt til å fremje forbrukslånsteneste. No går fylkeskommunen til politiet.

DEL

– Det har skjedd ein heilt uakseptabel misbruk av merkevara og fylkeslogoen vår, og av tilliten til nettbrukarane våre, seier fylkeskommunens informasjonssjef, Ingvild Ramstad, til Firda.

Fylkeskommunen samarbeider no med Oslo kommune, der fleire skular har opplevd det same misbruket. Oslo har allereie levert si politimelding. I Sogn og Fjordane arbeider fylkesadministrasjonen med formuleringane på politimeldinga dei kjem til å sende.

Også Sparebank 1SR-Bank vil politimelde det dei meiner er logomisbruk og domenebedrageri, skriv avisa Dagens Næringsliv, som har omtala saka i fleire artiklar sidan 21. september.

Knep for å auke trafikken

Misbruket det handlar om, har skjedd ved at nettsider som ikkje lenger er i bruk, har blitt lenka opp til Kapitalkassen.no – ei forbrukslånsteneste som er eigd av internettmillionær Dyar Al-Ashtari.

Ei av sidene som har blitt brukt slik, er den gamle nettsida til Øyrane vidaregåande skule i Førde. Denne sida vart teken ut av bruk etter samanslåinga av Øyrane med vg-avdelinga på Mo i 2014. Men trass i at sida har vore stengd, har den blitt liggande i eit internasjonalt arkiv, der den har blitt funnen og deretter brukt til såkalla søkeoptimalisering.

Slik lenking av ei side til ulike domene som har gått ut av bruk, gjer nemleg at sida blir løfta høgare i Google sine søkeresultat. Dermed dukkar i dette tilfelle Kapitalkassens tilbod av forbrukslån raskare opp, når folk søker på nettet etter forbrukslånssider.

Ifølge informasjonssjef Ramstad, kjenner fylkeskommunen ikkje til at domenemisbruket har ført til konkret skade.

– Men dette er ei prinsippsak. Misbruk av fylkesvåpenet og logoen til Sogn og Fjordane fylkeskommune kan ikkje aksepterast, seier Ramstad til Firda.

Etter det Ramstad forstår, skal domenemisbruket har blitt utført av eit firma Kapitalkassen har hyrt inn for å drive søkeoptimalisering.

Nulltoleranse

– Dei prøver seg, for å få auka trafikk på nettstadane sine. Men slik misbruk av fylkesvåpenet vårt blir ikkje tolerert av oss. Vi vil også ha ein runde mot dei som skal passe på bruken av domena, seier informasjonssjefen.

Dagens Næringsliv skreiv 25. september at Dyar Al-Ashtaris selskap mellom anna hadde brukt fleire nedlagde skulenettsider til å gjere forbrukslånstenesta synleg, noko som er brot på reglane til domeneforvaltar Norid. Al-Ashtari sa då gjennom sin advokat at han ikkje ønskte å handle i strid med regelverket.

Tysdag 3. oktober siterte Dagens Næringsliv advokaten til Al-Ashtari på at Kapitalkassen for lengst har sytt føre å slette sine få domene som skular ikkje lenger brukar. Det er sjølvsagt ikkje straffbart å kjøpe domene som ikkje lenger er i bruk, skreiv advokaten i ein epost til DN.

Artikkeltags