Laga ein av landets beste kampanjar mot ruskøyring

MEDIA: Bodskapet til Hafstad-elevane var enkelt: Med 0,5 i promille, aukar du sjansen for å blir drept heile 900 gonger.

DEL

Hafstad-elevane Magnus Eldal Tvedt, Sebastian Kjær, Malin Hauge Kvalheim, Karoline Aamot, Markus Espeland Reiersen, Valeriia Riabova, Torveig Johansson, og Adrian Ask Espeland var blant dei ti finalistane i årets Death Trip i Oslo.

Death trip er ein årleg konkurranse der medieklassar frå heile landet konkurrerer om å lage den beste kampanjen mot køyring i rusa tilstand.

Topp 10

Hafstad-elevane nådde ikkje til topps i år, men finaleplass sikra at deira bidrag var blant landets ti beste. Årleg er det om lag 30 klassar som deltek i konkurransen.

Hafstad-elevane sitt bidrag i år, var kampanjefilmen «Uansett».

Saka held fram under bildet.

Vore med kvart år sidan oppstarten

Konkurransen har vart i ti år, og Hafstad vgs. har årleg sendt bidrag. I 2016 gjekk også Hafstad til topps med sin kampanje «Ikkje overvurder di eiga evne».

Den gongen var det Mathilde Hasti Leversund, Trine Solsvik, Mats Sundsøy Hallstensen, Grete Roska og Sigrunn Mehl som leverte vinnarkampanjen.

VANN I 2016: Desse elevane frå Hafstad hadde den beste kampanjen mot ruskøyring under Death trip i 2016.

VANN I 2016: Desse elevane frå Hafstad hadde den beste kampanjen mot ruskøyring under Death trip i 2016. Foto:

 i

Artikkeltags