– Eg føler at eg må vere tilgjengeleg heile tida

Firda Ung har snakka med ti unge om korleis dei brukar sosiale medium. Dei fortel at dei brukar mest tid på Facebook, Messenger, Snapchat og Instagram. Slik er det også for Torstein og Maria.

Firda Ung har snakka med ti unge om korleis dei brukar sosiale medium. Dei fortel at dei brukar mest tid på Facebook, Messenger, Snapchat og Instagram. Slik er det også for Torstein og Maria. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det seier Maria (17). Vi er sosiale heile dagen gjennom telefonen. Kva gjer det med oss?

DEL

Unge frå 16–24 år brukar 3 timar og 33 minutt på nettet kvar dag. Det viser tal frå SSB.

Maria Gravdal synest sosiale medium er ein god måte å kommunisere med andre som er langt vekke på, men også med venner når ein ikkje er i lag.

– Eg føler meg eigentleg ganske avhengig av mobilen min, og eg er ofte på sosiale medium fordi det har blitt ein vane, noko som kanskje er litt negativt. Eg føler på ein måte eit press på å vere tilgjengeleg heile tida, seier Maria.

Også Torstein Bolstad Blikra (17) sjekkar mobilen mange gongar dagleg.

– Men eg føler meg ikkje så veldig avhengig av den, og eg føler heller ikkje noko press på å legge ut ting på sosiale medium. Eg får ofte tilbakemelding av andre om at eg legg ut ting for sjeldan, seier Torstein.

Innpå 30 gongar om dagen

Firda Ung har snakka med ti unge om korleis dei brukar sosiale medium. Dei fortel at dei brukar mest tid på Facebook, Messenger, Snapchat og Instagram. Slik er det også for Torstein og Maria som begge går på Hafstad vgs. i Førde.

Dei er usikre på kor ofte dei er innpå sosiale medium om dagen.

– Eg trur eg er innpå mobilen eller pc-en min cirka 30 gongar om dagen. Nokon gongar er det fordi eg ikkje har noko anna å gjere, andre gongar er eg innpå for å oppdatere meg, eller for å snakke med nokon, seier Torstein.

– Eg er innpå sosiale medium ein del gongar for dagen, så viss vi reknar det saman så vert det sikkert nokre timar, seier Maria.

Gjer det enkelt å følge med på nyheiter

Åtte av dei vi snakka med er tilgjengelege på sosiale medium nesten heile tida, medan to seier at dei berre er innpå sosiale medium eit par timar for dagen.

Torstein og Maria er einige i at det finst både positive og negative sider med sosiale medium.

– Det som er positivt med sosiale medium er at det er ein veldig enkel måte å kommunisere med andre på, seier Torstein.

– Ein kan få tak i andre nesten like enkelt uansett som dei bur tre timar vekke, eller berre 5 minutt unna. Sosiale medium gjer det også veldig enkelt å følge med på nyheiter, legg Maria til.

Les også: Matilde (18) synest Skam er så truverdig at det nesten er skummelt og – Eg blei meir og meir sjølvsikker. No bryr eg eg meg ikkje

– Det negative er for eksempel at det tar vekk konsentrasjonen når eg må tenke på viktige ting som skule, og ein kan fort bli litt mindre sosial når ein er med venninnene sine, men eg prøvar så klart å legge vekk mobilen når eg er med dei, seier Maria.

Dersom dei hadde brukt mindre tid på sosiale medium og dermed frigjort tid, så veit dei kva dei skulle brukt den til.

– Trening og skule er det første eg tenker på. Eg trener allereie mykje, så eg ville sikkert hatt meir fokus på skule, seier Torstein.

– Ja, same her. Utan sosiale medium så hadde eg kanskje halde meir fokus på det eg treng å halde fokus på, avsluttar Maria.

Meiner vi har godt av ein pause

Helsesøster ved Hafstad vgs., Jorunn Eldegard, peikar også på at sosiale medium gjer at det mykje lettare å kommunisere med andre, og det hjelper oss til å følge meir med på nyheiter. Noko av det negative er at sosiale medium kan gå ut over skuletimane fordi ein ikkje klarer å legge ifrå seg mobiltelefonen sin når ein skal legge seg.

Helsesøster Jorunn Eldegard ved Hafstad vgs.

Helsesøster Jorunn Eldegard ved Hafstad vgs. Foto:

– Viss du for eksempel skulle svare ein venn midt på natta, så er det ikkje berre lyden, men også lyset som forstyrrar søvnhormonet i kroppen. Då kan det fort gjere til at ein mistar konsentrasjonen på skulen, seier helsesøstera.

Ho meiner at det ikkje er sunt å vere pålogga heile tida, og at ein berre har godt av å ta ein pause og å kjede seg litt.

– Lytt til vennene dine

Eldegard legg også til at ein vert mindre sosial, når ein til dømes er på besøk.

– Om ein ven treng nokon å snakke med så er det betre å lytte til vennen din ordentleg, i staden for å ha mobilen i handa og å berre vere halvvegs tilgjengeleg.

Les også:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken