Fem tips for å gjere sykkelen klar til skulestart

Henrik Aske Olstad (13) er blitt oppmuntret av foreldrene til å ta mye av vaskingen og stellet av sykkelen selv, men trenger foreløpig hjelp med noe av vedlikeholdet.

Henrik Aske Olstad (13) er blitt oppmuntret av foreldrene til å ta mye av vaskingen og stellet av sykkelen selv, men trenger foreløpig hjelp med noe av vedlikeholdet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SKULESTART: – Ein velhalden sykkel er ein tryggare sykkel.

DEL

Det er skulestart over heile landet, og mange barn skal sykle til skulen. Sykkelgleda blir så mykje større når alt fungerer som det skal.

– Viktigast av alt, ein velhalden sykkel er ein tryggare sykkel, seier fagpolitisk rådgjevar Mats Larsen i Syklistenes Landsforening.

Henrik Aske Olstad frå Nevlunghavn i Vestfold syklar fram og tilbake til skulen. Om ettermiddagen syklar så 13-åringen fram og tilbake på fotballtrening. Til saman blir det over ei mil om dagen.

Nokre gongar syklar han også til farmor og farfar i Larvik. Dit er det 15 kilometer. Med ein slik bruk av sykkelen må den også få stell.

– Vask, stell og vedlikehald av barna sine syklar er både hyggeleg og nyttig å gjere saman med barna, som dermed kan lære seg meir og meir å ta vare på eigen sykkel etter kvart som dei blir eldre, uttalar Mats Larsen.

– Sett av ein time, så er veldig mykje gjort. Sykkelen kan bli god som ny, og barnet får større glede av den. Det er lite som slår kjensla av å suse av garde på ein rein og nysmurt sykkel, smiler Larsen.

Henrik er blitt oppmuntra av foreldra til å ta mykje av stellet sjølv, men treng hjelp med noko av vedlikehaldet. Her er Mats Larsens fem punkt for klargjering av barnet sin sykkel:

Lufttrykk

Sørg for at det er tilstrekkeleg med luft i dekka – både framme og bak. For lite luft i dekka gjer det tyngre å tråkke sykkelen framover. Kva som er riktig lufttrykk, varierer mellom ulike typar dekk og dimensjonar.

Normalt er dekka merka med anbefalt lufttrykk på sida. Mindre barn kan gjerne ha noko lågare lufttrykk. Det kan gje betre komfort og gjer at det er lettare å nå ned til bakken.

Vask – og smørjing av kjede

Jamleg reingjering av sykkelen reduserer slitasjen. Det er best å skylje av skit og møkk av sykkelen rett etter bruk – før det har rokke å sette seg for godt fast.

Dersom kjeda er møkkete, vil det vere fornuftig å starte med ein grundig reins, då skit på kjeda vil føre til at drivverket raskare vert slite.

Saka held fram under bildet.

Foto:

Bruk Zalo-vatn og/eller avfeittingsmiddel samt oppvaskkost eller tannbørste for å komme til på utilgjengelege stader. Etter at kjeda er reingjort og har tørka, påfør sykkelolje på kjeda. Avslutt med å tørke av overflødig olje frå kjeda.

Bremser

Bremsene på sykkelen må stillast inn slik at barnet kan stoppe på ein rask og enkel måte. Bremsehandtaket skal ikkje måtte klemmast heilt inn før bremsene tek, då må bremsene justerast.

Både for- og bakbremse bør ta omtrent på same stad for å bidra til god bremseeffekt. Sjekk også at barnet når enkelt fram til bremsehandtaka med hendene, og at ein klarar å klemme dei helt inn.

Setehøgde

Eit for høgt sete vil gjere sykkelturen til skulen ubehageleg. På den andre sida vil eit for lågt sete gjere at barnet ikkje får utnytta krafta i tråkket på ein god måte.

Saka held fram under bildet.

Foto:

Ideelt sett skal barnet nå ned med tærne i bakken, når det sit på setet. For barn som ikkje har blitt trygge på sykkelen enno, kan det vere lurt å stille setet noko lågare, slik at det blir enklare å sette to føter i bakken om barnet kjem ut av balanse.

Ryggsekk

Sjå til at skulesekken sit godt på ryggen – ein tung sekk som sit skeivt, kan vere noko til å skape ubalanse.

– Slik klargjering av barnet sin sykkel kan alle gjere. Men av og til støytar ein på problem eller slitasje som ikkje let seg løyse med like enkle grep, til dømes justering av gir eller treige vaierar. Då kan du levere sykkelen inn til din lokale sykkelforhandlar. Det viktigaste er at barnet sin sykkel ikkje blir ståande ubrukt fordi den ikkje fungerer som den skal, seier Mats Larsen.

DETTE TRENG DU TIL HAUSTPUSSEN:

  • Zalo oppvaskmiddel (eller tilsvarande) 
  • Avfeittingsmiddel (for å løyse opp ekstra skitne plassar)
  • Pumpe 
  • Eingangshanskar
  • Bøtte 
  • Svamp eller fille 
  • Gammal tannbørste eller oppvaskkost
  • Universal teflonspray eller olje til smøring
  • Umbrakonøkkel-sett, eventuelt anna verktøy

Artikkeltags