Ole Jørgen Øygarden ny rektor ved Sogndal vidaregåande skule

TILBOD OM JOBB: Ole Jørgen Øygarden kan bli ny rektor ved Sogndal vgs.

TILBOD OM JOBB: Ole Jørgen Øygarden kan bli ny rektor ved Sogndal vgs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ole Jørgen Øygarden har fått tilbod om stillinga som rektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Det melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Noverande rektor Marta Sofie Vange går av med pensjon og Øygarden var ein av sju søkarar til stillinga.

Han må bestemme seg innan åtte dagar. 

Øygarden er 49 år, oppvaksen på Årdalstangen og busett på Vangsnes.

Til saman har han lagt bak seg 20 års undervisingserfaring frå USA, Årdal og Vik, der han dei siste sju åra har vore rektor ved Flatbygdi skule. I tillegg har han fullført den nasjonale skuleleiarutdanninga.

Artikkeltags