Kan få fengsel for å oversjå mobbing

UNDERVISINGSDIREKTØR: Bekka Skaasheim

UNDERVISINGSDIREKTØR: Bekka Skaasheim

Artikkelen er over 1 år gammel

Opplæringslova vart i juni i år skriven om. No risikerer skuletilsette som ikkje aktivt grip inn mot trakassering inntil tre månaders fengsel.

DEL

– Vi har lagt ned eit stort arbeid i at alle i dei vidaregåande skulane i fylket skal vere kjende med innskjerpingane i lovverket kva gjeld elevane sitt skulemiljø, seier fylkesdirektør for opplæring i fylkeskommunen, Bekka Skaasheim.

Heile kapittelet i opplæringslova vart i juni i år skrive om. Den viktigaste endringa er at alle som arbeider på ein skule har plikt til å følge med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og til å gripe inn mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

Bøter og fengsel

Dette legg lovmakarane så stor vekt på at det i lova er tatt inn at den som ikkje oppfyller plikta til å engasjere seg, kan straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader, sjølv om det er skjedd ved aktløyse. 

– Vi har bedt alle dei vidaregåande skulane i fylket forsikre seg om at alle dei tilsette kjenner til endringane og kravet i opplæringslova. Dette gjeld ikkje berre alle lærarane, men alle som jobbar i skuleverket har eit ansvar. Så må vi og sikre at dei som skal takast vare på, altså elevane, er kjent med kva rettar dei har, og i dei tilfella elevane er under 18 år, også foreldra.

Det skal vere null toleranse for mobbing, seier Skaasheim.

Fangar opp vantrivnad

– Skulane har eigne rutinar for oppfølging av saker, og korleis det skal jobbast med dei, dersom t.d. noko skulle bli avdekka gjennom observasjonar og samtalar med elevar, eller gjennom elevundersøkinga. 

Elevundersøkinga kan vere eit godt verktøy for å fange opp om elevane har eit godt psykososialt læringsmiljø, meiner Skaasheim:

– Det er ei nasjonal undersøking som utdanningsdirektoratet gjennomfører årleg. Kvar enkelt elev deltek i undersøkinga. Spørsmål om mobbing og trivsel ein vesentleg del av undersøkinga. Er det elevar som ikkje har det bra, kan det bli avdekka gjennom denne.  

– Skulane arbeider systematisk med oppfølging av elevundersøkinga for å sikre elevane sitt psykososiale arbeidsmiljø.

Artikkeltags