Ekspert meiner at barn må lære å symje i sjøen

NTNU-lektor Egil Galaaen Gjølme meiner at meir av symjeopplæringa i skulen må foregå i sjøen og ikkje i bassenget.

NTNU-lektor Egil Galaaen Gjølme meiner at meir av symjeopplæringa i skulen må foregå i sjøen og ikkje i bassenget. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Skulane bryt opplæringslova når dei ikkje lærer elevane å symje utandørs, meiner lektor ved NTNU.

DEL

Alle skuleungar har krav på symjeopplæring via skulen. Opplæringa er ein del av kroppsøvingsfaget, men opplegget varierer mellom skulane.

– Det er vanlegvis gymlærarane som står for opplæringa, men i byar og på større tettstadar flyttast ofte opplæringa til symjeklubbar. Mange av dei som underviser er tidlegare symjarar som har eit nært forhold til basseng, seier Egil Galaaen Gjølme, førstelektor i kroppsøving og idrettsfag ved NTNU.

– Må øve der det skjer

At lærarane først og fremst har fokus på innandørsbasseng er eit problem når ein ser på ulykkesstatistikken, meiner Gjølme.

– Symjeopplæring i basseng er viktig for å lære seg basisferdigheiter som å flyte og dykke, men skal ein hindre drukning må ein øve der ulykkene skjer. Alle drukningsulykker dei siste åra har skjedd ute. Det vil sei i kaldt vatn, på glatte steinar og i straum. Dei fleste ulykkene skjer dessutan like ved ein redningsmoglegheit som land, brygge eller båt, seier lektoren.

– Bryt lova

Trass dette, oppgjev berre tre prosent av 400 skular at dei gjennomfører opplæring i livredning ute i sjø, elv eller vatn, ifølge ei spørjeundersøking gjennomført på vegner av Utdanningsdirektoratet i 2016.

Når det gjeld symjeopplæring, kjenner Gjølme berre til nokre få skular som gjennomfører delar av denne utandørs.

– Eg meiner at skulane bryt opplæringslova om dei ikkje gjev symjeopplæring ute. Læreplanen er heilt tydeleg og skulane må legge til rette for at den kan følgast, seier Gjølme.

Han viser til kompetansemål for 7. årstrinn der det står at eleven skal kunne «praktisere trygg ferdsel og gjere risiko- og sikkerheitsvurderingar i, ved og på vatn under varierte vêrforhold.»

– Om eit barn druknar ute fordi barnet ikkje har fått symjeopplæring ute, kan det altså vere eit brot på opplæringslova.

Egil Gjølme viser til at det finnast fleire eksempel på situasjonar dei seinare åra der eit barn har sprunge ut for å redde eit anna barn, men sprunge rett forbi ei livbøye på vegen. Det har i nokre tilfelle blitt fatalt for både den som først sto i fare og den som kom til for å hjelpe.

Sjå moglegheitene

Kroppsøvingslektoren meiner at mangelen på utandørs symjeopplæring kan forklarast med manglande kunnskap.

– Vatn finnast det nok av. Dei aller fleste har gode arenaer like i nærleiken, men du må ha kompetanse for å sjå dei.

Jeg mener at skolene bryter opplæringsloven om skolene ikke gir svømmeopplæring ute.

Egil Galaaen Gjølme, førstelektor i kroppsøving og idrettsfag ved NTNU

Dette meiner Gjølme må til for å gje elevane forsvarleg undervisning:

  • Betre opplæring av lærarstudentar.
     
  • Etter- og vidareutdanning av lærarar.
     
  • Innkjøp av enkelt utstyr som redningsliner og bøyer. Våtdrakter om det er spesielt kaldt vatn der ein øver.

Livreddarar

– Det er alltid noko å gjere. Ofte må vi stripse djupe kutt, og i går var det ein som fekk skuldra ut av ledd berre av å symje, seier Celestin Alfonso, som jobbar som livreddar på Sørenga sjøbad i Oslo i sommar.

Saman med kollegaen Tobias Rosenberg-Hansen må han ofte rykke ut for å redde badegjestar som har teke seg vatn over hovudet, bokstaveleg talt.

– Mange overvurderer seg sjølv og undervurderer bølgene og straumen, seier Rosenberg-Hansen.

– Heilt andre forhold ute

Så langt i år har 52 personar drukna i Norge. Det er ei auke frå same tid i fjor. Fleire har liten forståing for farane ved å bade i havet, meiner Alfonso og Rosenberg-Hansen.

– Det er heilt andre forhold ute i open sjø enn i eit basseng. Ved kysten kan det for eksempel bli store bølger. Bølgene kan gjere at ein blir desorientert og ikkje veit kva veg ein skal symje, forklarar Rosenberg-Hansen.

Han har sjølv opplevd korleis det er å bli tatt av bølgene.

– Kjem du under vatn, blir du raskt trekt nedover. Då er det veldig viktig å behalde roa, og spenne frå med føtene for å komme seg opp att. (ANB)

Artikkeltags