Leirvik-verftet får kontrakt verd 30 millionar

ARBEIDSBÅT: Profil av den 23 meters arbeidsbåten som skal byggast i Leirvik. Breidd: 9,7 m. Dekkskapasitet: 80 tonn. Hovudmaskin: 1000 kW. Mannskap: 6 personar.

ARBEIDSBÅT: Profil av den 23 meters arbeidsbåten som skal byggast i Leirvik. Breidd: 9,7 m. Dekkskapasitet: 80 tonn. Hovudmaskin: 1000 kW. Mannskap: 6 personar.

Artikkelen er over 3 år gammel

Skal bygge ein 23 meters arbeidsbåt for oppdrettsnæringa. Havyard-verftet i Leirvik tar med det steget inn i eit nytt segment.

DEL

Skipet, som blir nybygg nr. 123, skal fullt ut byggast ved Havyard Ship Technology sitt verft i Leirvik. Nybygget skal leverast i april 2017, med opsjon på endå eitt skip som kan leverast i tredje kvartal 2017.

Kontrakten har ein verdi i overkant av 30 millionar kroner. Kunden er skotske Inverlussa Marine Services.

Viktig kontrakt for Leirvik-verftet

Salsdirektør Lars Conradi Andersen i Havyard Ship Technology er svært glad for den nye kontrakten.

– Dette er med på å sikre produksjonen på verftet i Leirvik for første halvdel i 2017, og vi jobbar kontinuerleg med å sikre vidare arbeid utover det.

Skroget skal byggast i Leirvik, noko som er lenge sidan sist. – Dette er første gong på lang tid, noko vi ser føre oss å gjere vidare med båtar av denne storleiken, seier Andersen til Firda.

Han fortel at dei merkar at det er færre kontraktar å kjempe om for tida. Den siste har dei jobba med å få i hamn sidan seinsommaren.

– 2017 ser ut til å bli eitt av dei tøffaste åra innanfor bransjen. Vi vil fortsette å kjempe om tradisjonelle nybygg, men også prosjekt vi kan starte på med ein gong i Leirvik, til dømes mindre båtar og reparasjonar. Vi jobbar hardt for å sysselsette den arbeidsstokken vi har. Det er fokuset vårt no.

– Vi er optimistar med tanke på å sikre kontraktar både innanfor nybygg og ombyggingar i tida som kjem, legg han til.

Tøff omstilling

Leirvik-verftet har dei seinare åra vore gjennom nødvendig omstilling for å møte den endra marknadssituasjonen. Dei har etablert seg innan både brønnbåt, fiskeri og vindkraftservice i tillegg til offshoreservice.

For tida er dei i full sving med å ferdigstille to isbrytarar som skal leverast til russiske Femco, og har i tillegg ein brønnbåt som skal leverast til Norsk Fisketransport før nybygget til Inverlussa skal leverast.

Visepresident Lasse Stokkeland i Havyard Ship Technology seier i ei pressemelding at dei trur på framtida.

– Sjølv om det er tøff konkurranse ser vi at arbeidet vi har lagt ned for å omstille oss og gå inn i nye segment dei siste åra er i ferd med å bere frukter. Vi jobbar med å sikre oss arbeid innanfor reparasjon og mindre nybygg som bidrar positivt i ein kortare horisont, samtidig som vi er i god posisjon til å vinne nybyggingskontraktar innan dei segmenta der vi er godt etablerte allereie.

Perfekt partnar

Salsdirektør Lars Conradi Andersen er fornøgd også med den nye kunden.

– Inverlussa er ein perfekt partnar for oss når vi går inn i dette segmentet, seier han i pressemeldinga frå Havyard-gruppa.

– Med si lange erfaring både frå oppdrett og operasjon av arbeidsbåtar, har dei mykje å tilføre oss. Vi er svært tilfredse med at dei har valt oss. Vi håpar at dette er starten på eit langt og godt samarbeid.

Forventningar på skotsk side

Inverlussa held til på vestkysten av Skottland, og opererer ein flåte av arbeidsbåtar og mindre offshore servicefartøy som betener mellom anna oppdrett og havvindnæringa.

Ifølge pressemeldinga ser direktøren i Inverlussa, Ben Wilson, fram til å jobbe saman med Havyard Ship Technology på dette prosjektet. – Vi har sett etter eit verft med dei kvalitetane vi har funne hos Havyard, og når dei i tillegg kjem opp med ei svært god leveringstid, var valet enkelt.

Artikkeltags