Dette betyr skattetala

Nei, det er ikkje naboen sin lønsslipp du får sjå.

DEL

(BA:) I skattelistene får du tre økonomiske opplysningar om personen du søker på: Inntekt, formue og skatt.

Men det er ikkje løna til naboen du kan hente ut frå skattelistene. Inntekta som er oppført vil i dei aller fleste tilfelle vera lågare enn den eigentleg er. Den såkalla skattepliktige inntekta er lønns- og kapitalinntekter der alle frådrag er trekte frå, som til dømes minstefrådrag, personfrådrag, bustadlånsrenter, BSU-sparing, pensjonssparing eller tap på verdipapir.

Store frådrag

Skattebetalarforeininga har laga eit reknestykke som viser at ein person med lønnsinntekt på 700.000 kroner kan vera oppført med berre 375.250 kroner i inntekt i skattelistene, dersom vedkommande har renteutgifter på 70.000 kroner, tap ved sal av aksjar på 60.000 kroner og har kravd 100.000 i frådrag på ein arva bustad. I tillegg kjem minstefrådraget.

Nokre kan ha så store frådrag at inntekta forsvinn heilt. Dagens Næringsliv har til dømes omtalt Himanshu Gulati, som tente 950.000 kroner som stortingsrepresentant for Frp i 2018. Han er likevel oppført med null kroner i inntekt som følge av store frådrag.

Skattetalet er rett

All gjeld er trekt frå den formuen som står oppført i skattelistene. Og det er ikkje all formue som kjem fram i full verdi. Eigen bustad, til dømes, blir berre verdsett til cirka 25 prosent av marknadsverdien. Dette gjeld òg for nyare hytter.

For veldig mange betyr det at bustadlånet er høgare enn den skattepliktige bustadverdien. Svært mange svært rike menneske er oppførte med låg eller ingen formue, rett og slett fordi dei også har høg gjeld.

Viss du synest inntekts- og formuestalet er misvisande, så kan du trøyste deg med dette: Skattetalet er akkurat det personen har betalt i skatt, inkludert inntektsskatt, formuesskatt og all annan skatt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken