Har du sjekka skattemeldinga di? Dette bør du sjekke

SNART FRIST: Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg, seier at det kan vere ei god investering å ta turen innom nettsidene deira i innspurten.

SNART FRIST: Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg, seier at det kan vere ei god investering å ta turen innom nettsidene deira i innspurten. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKATT: Måndag er siste frist for å levere skattemeldinga.

DEL

− Viss ikkje du sjekkar skattemeldinga di, kan du gå glipp av frådrag som skulle vore med. Til dømes er reisefrådrag noko vi ser mange gløymer, og her er det pengar å spare, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg i ei pressemelding.

Måndag 30. april er siste frist for å levere skattemeldinga. Ein er sjølv ansvarleg for at opplysningane stemmer.

Til no har 86 prosent av lønnstakarane og pensjonistane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane opna skattemeldinga si, men det er framleis over 100.000 som ikkje har sjekka opplysningane sine, opplyser Skatt vest.

− På skatteetaten.no finn du all relevant informasjon om skattemeldinga. Du kan mellom anna sjå korleis du sjekkar skattemeldinga di steg for steg, få oversikt over alle postane, og bruke frådragsvegvisaren og pendlarvegvisaren. Det kan vere ei god investering å ta turen innom nettsidene våre no i innspurten, seier Husevåg.

Viss du er lønnstakar eller pensjonist, og du har sjekka at alle opplysningane er rett og du ikkje har endringar, treng du ikkje å levere.

Skatteoppgjeret for 2017 er tidlegast klart 27. juni.

Dette bør du sjekke:

  • Sjekk at det du har fått i løn og kor mykje du har betalt i skatt er riktig. Dette sjekkar du ved å samanlikne summane i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din, med tala i skattemeldinga.
  • Sjekk at det du mottar i pensjon eller uføretrygd er riktig. Oversikta får du frå NAV eller andre du eventuelt mottar pensjon eller trygd frå.
  • Sjekk at gjeld og formue som er oppgitt stemmer. Tala vert henta frå dei du har gjeld eller formue hos. På formuen din kan du få verdsettingsrabatt. Om du får det, er det førehandsutfylt på skattemeldinga di.

Artikkeltags