Aldri før har så mange vestlendingar varsla Skatteetaten om skjulte pengar

VARSLA: Vestlendingane varsla skatteetaten om 1,048 milliardar i skjulte formuar og 34 millionar i skjulte inntekter i 2017.

VARSLA: Vestlendingane varsla skatteetaten om 1,048 milliardar i skjulte formuar og 34 millionar i skjulte inntekter i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKATT: 162 vestlendingar varsla i 2017 Skatteetaten om skjulte formuar og inntekter. Det er ei auke på nesten 100 prosent samanlikna med 2016.

DEL

– Tala for 2017 viser at stadig fleire ønsker å handle rett og gjere opp for seg, seier avdelingsdirektør i Skatt vest, Torkel Fure, i ei pressemelding.

162 nye førespurnadar om frivillig retting i 2017 er ein auke på 98 prosent samanlikna med fjoråret, som fram til i fjor hadde rekorden med 82.

Risikerer politimelding

Reglane er slik at skatteytar sjølv må gje opplysningar til Skatteetaten på eige initativ og det må vere ei fullstendig oversikt over alle verdiane ein har. Ein kan ikkje kome som følgje av kontrolltiltak, eller etter at skattestyresmaktene har fått tilgang til opplysningane frå andre. Vilkåra for å unngå straff er at Skatteetaten ikkje alt er på sporet av pengane.

– Blir du tatt, risikerer du inntil 60 prosent tilleggsskatt eller å bli meld til politiet på toppen av skatten og rentene du skulle betalt. Å sjølv oppgi skjult formue eller inntekt er difor eit mykje betre alternativ, seier Fure.

Skjulte pengar i Storbritannia

Skatt vest dekker Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei behandla 51 saker i fjor og hadde eit samla vedtak på 1,048 milliardar i formue og nær 34 millionar i inntekt.

39 av sakene er skjulte formuar eller inntekter i Storbritannia, deretter følgjer Tyskland med 16, Spania og USA med 11 og India med 10 saker. Det er også saker frå Bulgaria og Sveits.

– Mange seier dei ikkje har vore klare over at verdiane i utlandet skulle rapporterast til Skatteetaten i Noreg. Sakene dreier seg difor ofte om at skattytar har gått ut frå at verdiane berre er skattepliktige i landet kontoen eller eigedommen er i og ikkje bevisst har skjult pengane i utlandet, seier Fure.

Artikkeltags