Har fått 350 klagar på eigedomsskatten

Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ole Aukland og leiar i Florø T & I.F Rune Osa

Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ole Aukland og leiar i Florø T & I.F Rune Osa Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det blir ein travel vår for kemner Rune Osa og staben hans.

DEL

Innan fristen 18. april var det komme inn rundt 350 klagar på eigedomsskatten i Flora kommune.

Klagene fordelar seg stort sett i to hovudkategoriar; dei som meiner skatten er basert på faktafeil, og dei som meiner eigedomsskatten er sett for høgt, opplyser Osa.

No skal alle sakene vurderast individuellt, før dei vert sendt vidare til sakkyndig nemnd, med eigedomsskattekontoret si instilling.

– Vi må gå igjennom kvar enkelt sak, og det vil sjølvsagt ta tid, seier Osa, til Firdaposten.

Enkelte saker er meir arbeidskrevjande enn andre.

– Det kan jo vere vi må gå i arkivet på jakt etter byggeteikningar, dobbeltsjekke ulike faktaopplysningar, eller ha ny oppmåling av enkelte hus. Det kjem an på kor komplekse sakene er, og kor lett det er å finne tak i fakta. Men alle sakene vert vurdert skikkeleg, og det vil nok krevje ein del ressursar, legg han til.

Alle som har klaga vil motta eit brev frå kommunen, der det står informasjon om den vidare prosessen. Dette er noko dei jobbar med no, og per i dag har om lag halvparten av klagarane fått brev. Resten vil motta det innan kort tid.

Politisk bestemt

Den sakkyndige nemnda som i neste omgang skal vurdere klagesakene og innstillinga frå eigedomsskattekontoret er oppnemnd av bystyret, og består av politikarar.

Nemnda skal gjere vedtak i kvar av dei om lag 350 sakene. Der kan ein enten få medhald i klagen, eller klagen blir avvist. Får ein medhald i klagen, så er det endeleg. Vert den avvist går den direkte vidare til handsaming i Overtakstnemnda. Den består også av politikarar, og dei gjer endeleg vedtak.

– Vi håpar å vere ferdige med heile denne prosessen innan utgangen av juni. I verste fall kan det bli haust før vi er ferdig, seier Osa.

Sjølv om klagefristen gjekk ut 18. april, og ein hadde nesten sju veker på seg til å klage, så har ein framleis ein liten sjanse dersom ein meiner takstgrunnlaget inneheld faktafeil.

– Viss nokon har oppdaga faktafeil no, så vil vi sjølvsagt sjå på saka, lovar han.

Taksering av eigedom

Flora bystyre vedtok at det i 2016 skulle gjennomførast omtaksering av alle eigedommar som får utskrive eigedomsskatt i kommunen. Ny takst dannar grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt frå og med 2017.

Verdien på eigedommen dannar grunnlaget for skatteberekninga. Taksten skal spegle marknadsverdien.

Denne taksten har ingenting med likningstaksten å gjere. Taksten Flora kommune har sett her skal kun nyttast til utrekning av eigedomsskatt.

Takseringa bygger på faktaopplysningar og skjønsmessige vurderingar. Adresse, areal på bygningar og tomter vert henta frå offentlege dataregister. I tillegg har det vore synfaring på kvar enkelt eigedom.

– Ikkje urimeleg 

Det har vore mange protestar mot den nye takseringa, som er grunnlaget for eigedomsskatten.

Ifølgje lovverket skal taksten vere "grovkorna", fortel Osa, som meiner dei har lagt seg på eit moderat nivå om ein samanliknar taksten med marknadsverdien.

– Einebustader i attraktive område i kommunen vil bli seld for langt over det som er den nye eigedomsskattetaksten. I enkelte tilfelle kan hus fort bli seld for ein til to millionar kroner over. Så det er ikkje ei urimeleg taksering som no ligg til grunn, seier Osa.

– I enkelte område kan taksten ligge akkurat på marknadsverdien. Men i dei aller fleste område ligg marknadsverdien langt over takstgrunnlaget.

Han ser at ein del meiner eigedommane deira har fått uforholdsmessig stor auke i eigedomsskatt.

– Men i 2006, då den førre takseringa vart gjennomført, låg grunnlaget på langt under marknadspris. No har bustadprisane og verdien auka sidan den gong, så også takstgrunnlaget, og det kan sikkert for mange oppfattast som høgt no. Men taksten er framleis under marknadsverdi, påpeikar han.

Ny sjanse neste år

Dersom ein ikkje får gjennomslag for klaga si i år, kan ein klage på nytt til neste år. Det har ein rett til etter lova.

– Men då må ein klage på bakgrunn av andre moment enn ein gjorde året før. Ein kan ikkje klage på nøyaktig same grunnlag, opplyser Osa.

Artikkeltags