Ekspertar ut mot skjeggkre-hysteriet: – Eg trur vi må lære oss å leve med dette på lik linje med fluger

LIMFELLER: Limfeller er ein av dei vanlegaste måtane å kartlegge og nedkjempe skjeggkre på.

LIMFELLER: Limfeller er ein av dei vanlegaste måtane å kartlegge og nedkjempe skjeggkre på. Foto:

Av

FORBRUKAR: Erstatningssakene til bustadkjøparar og det generelle hysteriet rundt skjeggkre har gått for langt, meiner skadedyrekspertar.

DEL

– For to år sidan hadde vi så å seie ingen skjeggkreoppdrag. No får vi meldingar kvar einaste dag. Det har rett og slett eksplodert, seier biolog Stein Norstein i Anticimex til siste.no.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at talet på nedkjempingar av skjeggkre er tredobla så langt i år, samanlikna med 2016.

Også i sosial samanheng merkar skadedyreksperten kva for kryp folk flest er opptekne av.

– Kvar gong nokon spør meg om eit skadedyr privat, så dreier det seg om skjeggkre. Det er aldri veggedyr, mus eller andre skadedyr lenger, seier Norstein.

Han forstår at folk vert hysterisk etter alle medieoppslaga, men synest det er på tide å roe det ned fleire hakk. 

– Gjer ikkje skade

– Skjeggkre gjer ingen skade, dei er ikkje farlege og dei formeirar seg sakte. Med litt innsats er det dessutan mogeleg å halde bestanden på eit lågt nivå, seier Norstein.

Selskapet Protector Forsikring, som har store delar av marknaden for eigarskifteforsikring i Norge, melde tidlegare i haust at dei ikkje lenger vil forsikre mot skjeggkre.

Boligprodusentenes Forening har på si side bede medlemmer om ikkje å erkjenne ansvar ved reklamasjonar som gjeld skjeggkre.

– Problemet med skjeggkre er at det er vanskeleg å påvise korleis dei kom inn i bustaden. Dei kan like gjerne komme inn med flytteøskjene med bygningsmateriale.

Det seier administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentene. Han meiner, i likskap med Protector, at rettspraksisen på området må endrast.

– Skjeggkre finst i halvparten av norske bustader innan 3–5 år. Eg trur vi må lære oss å leve med dette på lik linje med fluger, i alle fall til ekspertane finn ein fullgod måte å overvinne skadedyret på, seier Jæger.

Svenskane er overraska

Kvifor skjeggkre har blitt eit rettsleg problem i Norge, som kan utløyse store erstatningskrav mot bustadseljarar? Det er det vanskeleg å svare på.

– Dei har skjeggkre i andre europeiske land, inkludert i Sverige. Men der blir det ikkje sett på som eit stort problem. Tvert i mot er svenskane overraska over oppstyret i Norge, seier Stein Norstein til det oppdragsfinansierte nyheitsbyrået Newswire.

Han trur ein vil finne metodar som utryddar skjeggkreet heilt. Folkehelseinstituttet og Norsk Hussopp Forsikring har sett i gang eit forskingsprosjekt som forhåpentlegvis skal gi nokre gode svar.

– I dag bruker vi limfeller, forgifta åte og eventuelt sprøyting med gift. Vi klarer å få ned bestanden hos dei som er ramma, men kan ikkje love at dei vert heilt borte, seier Norstein.

Anticimex får mange meldingar frå folk som har dårleg tid, fordi dei snart skal selje bustad og er bekymra for salet.

– Vi rår alle våre kundar til å opplyse om skjeggkre ved sal, slik at dei ikkje får erstatningskrav mot seg i etterkant. Så får vi berre håpe hysteriet rundt dette på bustadmarknaden legg seg etter kvart, seier Norstein.

Artikkeltags