Nytt tilfelle av dødeleg hjortesjukdom

Artikkelen er over 3 år gammel

MATTILSYNET: Ein reinsdyrbukk, skoten i Nordfjella i Sogn og Fjordane, har fått påvist dødeleg hjortesjukdom.

DEL

Sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) var fram til i dag påvist i tre tilfelle, éin villrein i Lærdal og to elgar i Trøndelag.

I dag har Mattilsynet sendt ut pressemelding om at det er påvist endå eit tilfelle i ein reinsdyrbukk i Nordfjella.

Dette skjer etter at Mattilsynet har sett i gang kartlegging i forbindelse med jakta.

Til no er det testa kring 100 reinsdyr i området, og alle andre prøvar har vore negative. Reinsdyret som er stadfesta smitta er sendt til destruksjon.

– Vi vurderer det framleis slik at det er svært liten risiko for at sjukdommen skal smitte til menneske, men for å vere på den sikre sida godkjenner vi ikkje at kjøtt frå dyr som testar positivt blir etne, seier Solfrid Åmdal, seniorrådgjevar i seksjon for dyrehelse, i pressemeldinga.

Det skal totalt testast 15.000 dyr i år, og Mattilsynet seier det er svært viktig at jegerar og andre som ser sjuke eller døde hjortedyr melder frå. Symptom er avmagring, hyppig urinering og elles unormal oppførsel. Det kan til dømes vere å ikkje vere redd menneske.

I Sogn og Fjordane skal det samlast inn materiale slik frå elg, hjort og rein:

Flora: Hovud utan kjeve og underkjevar

Gloppen: Hovud utan kjeve og underkjevar

Aurland: Heile hovud med kjeve

Lærdal: Heile hovud med kjeve

Årdal: Heile hovud med kjeve

Meir informasjon om kartlegginga kan du finne her.

Artikkeltags