Person med harepest døydde – fire smitta i Aurland

Artikkelen er over 2 år gammel

AURLAND: I haust blei fire personar smitta av harepest på kort tid.

DEL

– Personen døydde ikkje berre av harepest. Dette er ikkje ein dødeleg sjukdom for friske personar, men har ein andre sjukdomar i tillegg, så kan ein døy, seier kommuneoverlege i Aurland, Trygve Ness til NRK Sogn og Fjordane.

Harepest, tularemi, er ein infekssjonssjukdom som kan bli overført frå harar og smågnagarar til menneske.

Fylkeslege Per Stensland seier til NRK at dei ikkje er varsla som tilsynsmynde, men at dei veit om saka.

– Det er særs uvanleg at nokon døyr av harepest i Noreg, då har ein ofte ein annan sjukdom som er med på å verke inn, seier Stensland.

I fjor blei det meldt inn 81 tilfelle av harepest i Norge. Vanlegvis blir det meldt inn mellom 30 og 50 smitta personar, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Artikkeltags